Arbeidsgruppa foreslo følgjande hovudstrategi for innfasing av obligatorisk e-faktura i staten, med utgangspunkt i at «staten» er definert som alle verksemder som er del av staten som juridisk person med helseføretaka i tillegg:
- Innan 1. juli 2011 skal staten vere i stand til å motta elektronisk faktura på fastsett standard-format.
- Innan 1. juli 2012 skal alle løysingar for skanning av papirfaktura vere fasa ut i staten.
- Innan 1. juli 2012 skal alle verksemder sende elektronisk faktura til staten på fastsett standardformat.
Elektronisk faktura som vert handtert i staten skal baserast på ein felles, obligatorisk standard.
For å gjennomføre strategien, tilrådde arbeidsgruppa at det vert gjennomført følgjande tiltak:
- Fastsetjing av obligatorisk offentleg standard for e-faktura basert på den opne standarden (NESUBL). Ifølgje arbeidsgruppa hastar dette punktet mest.
- Endring i økonomireglementet for staten med tilhøyrande spesifikasjonar, som vil medføre pålegg om å kunne motta e-faktura i alle statlege verksemder omfatta av reglementet innan gitt frist.
- Styreinstruks til dei Regionale Helseføretaka (RHF) som gir pålegg om å kunne motta e-faktura på alle sjukehus i landet.
- Ein eigen særlov om elektronisk faktura som vil påleggje bedrifter å sende e-faktura påfastsett format til statlege oppdragsgivarar.
Rapporten frå arbeidsgruppa vart send på ei brei høyring av Fornyings- og administrasjonsdepartementet sommaren 2008, med svarfrist i slutten av september. Det kom inn 84 til dels omfattande høyringssvar frå næringslivet, næringslivets organisasjonar og offentlege verksemder.
Det er brei tilslutning til dei fleste av forslaga i rapporten
Regjeringa ser innføring av elektronisk faktura som eit godt og konkret fornyingstiltak med store samfunnsøkonomiske fordelar. På bakgrunn av dei omfattande og positive høyringsfråsegnene har ein eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet, og ønskjer å komme i gang med arbeidet snarast mogleg.
Regjeringa vil innføre eit felles standardformat for elektronisk faktura og ønskjer at ein skal ta i bruk elektronisk faktura i heile offentleg sektor. Når det gjeld kva slags fakturaer som skal omfattast, går regjeringa inn for å ta med alle typar faktura og betalingskrav. Regjeringa går inn for å etablere ein web-portal for bruk av verksemder som enno ikkje har ei elektronisk løysing. Web-portalen skal vere tilpassa krav om universell utforming.
Framdriftsplan for arbeidet er:
- Avgjerd gjennom økonomiregelverket som pålegg statlege verksemder å vere i stand til å ta imot elektronisk faktura på fastsett standard-format (NESUBL) innan 1. juli 2011.
- Gjennom forskriftsregulering tek regjeringa sikte på å påleggje norske kommunar og fylkeskommunar å bruke same standardformat som staten innan 1. juli 2012.
- I ei eiga utgreiing i løpet av 2009 komme fram til innhald i og forankring av pålegget til næringslivet. Dette skal skje i dialog med næringslivet sine organisasjonar. Dette bør skje frå 1. juli 2012, men endeleg tidspunkt skal vurderast gjennom utgreiinga om regelverksforankring.
- Etablere ein eigen webfaktura-portal for verksemder som ikkje har etablert eigne løysingar for dette i god tid før eit eventuelt pålegg.
- Kravet om å sende fakturaer elektronisk skal gjelde for betalingskrav generelt. Nærmare vurdering av eventuelle unntak frå dette skal gjerast i samband med utgreiinga om regelverksforankring.
Relaterte linker:
