Kva er innovasjonsdrivarane i verksemda di?
I privat sektor blir innovasjon driven fram av konkurransen i marknaden. For å henge med i konkurransen må bedriftene heile tida utvikle produkta sine. I offentleg sektor er det andre faktorar som driv fram innovasjon.
Å identifisere kva som er innovasjonsdrivarar i verksemda di, er nyttig for å identifisere kva område som har eit særleg potensial for innovasjon. Innovasjonsdrivarar kan vere:
- Budsjettkutt, eller krav til auka effektivitet
- Forventningar frå brukarane
- Nye lover eller reglar, eksempelvis på miljøområdet
- Politiske pålegg eller føringar
- Omorganiseringar og reformer i sektoren
Dersom du veit at det kjem nye miljøreglar innanfor eit område som verksemda di er engasjert i, så kan det vere eit område der innovative anskaffingar bør vurderast. Det same gjeld dersom det skjer store omorganiseringar i sektoren. Eksempelvis kan samhandlingsreforma innebere at ein treng nye løysingar og nye grep i helse- og omsorgssektoren.
