Kva kjenneteiknar ei innovativ verksemd?

Ei innovativ verksemd er ei lærande verksemd som er open for nye idear og impulsar, både innanfrå og utanfrå. Organisasjonsstrukturen set rammer for læring og for moglegheitene til å kople kompetanse frå ulike fagmiljø. Er verksemda di organisert for innovasjon?

Innovative verksemder må ha takhøgd for å gjere feil. Det må vere rom, både organisatorisk og økonomisk for å tenkje nytt og utanfor boksen. Forankring hjå toppleiinga er heilt avgjerande. Toppleiinga må sjå på innovasjon som eit verkemiddel for å løyse dei utfordringane og problema som er identifiserte, ikkje som ein tidkrevjande prosess med usikkert utfall.

Desse momenta er viktige:

  • Fleksibel organisasjonsstruktur: Ikkje vasstette skott mellom avdelingar og fagmiljø
  • Ein organisasjonskultur som premierer nytenking og dialog mellom fagmiljø
  • Forankring hjå toppleiinga og ei forståing av at innovasjon er eit viktig verkemiddel for å løyse utfordringar
  • Takhøgd for å gjere feil
  • Økonomisk rom for å prøve ut nye løysingar

Organisering i prosjektgrupper og nettverk fremjar kommunikasjon og utvikling mellom fagmiljøa, medan tradisjonell linjebasert organisasjon gjer at det er mindre kommunikasjon mellom dei ulike fagmiljøa.