Kva skal du kjøpe?
Her kan du lese om korleis du kan ta miljøomsyn i anskaffinga av ei spesifikk vare eller teneste.
Difi har utvikla miljørettleiing for ei rekkje varer og tenester. I rettleiinga finn du:
- Informasjon om miljøproblema relatert til vara eller tenesta
- Framlegg til anskaffingsprosess, teknisk spesifikasjon (krav til ytinga), krav til leverandørane, tildelingskriterium, og kontraktskrav
- Framlegg til dokumentasjonskrav for kvart miljøkrav- og kriterium
Rettleiinga er utvikla i samarbeid med oppdragsgjevarsida, leverandørsida og miljøfagkunnige, og har vore på brei høyringsrunde.
Kontraktsklausular om gjenvinning av avfall
Difi har utvikla:
- Kontraktsvilkår om gjenvinning av emballasje
- Kontraktsvilkår som sikrar at leverandørar (produsentar og importørar) av elektriske og elektroniske produkt oppfyller plikta si til å vere medlem i returselskap
Finn du ikkje det du skal kjøpe i lista?
Rettleiing for fleire område er vorte produsert av blant anna EU, Sverige, Danmark og Nederland. Dersom du ikkje finn rettleiing for vara/tenesta du skal kjøpe, kan du sjølv utarbeide dette; sjå nærare om hjelp til å stille eigne miljøkrav.
