Hvorfor bør offentlige innkjøpere etterspørre sosialt ansvarlig produserte varer?
Sosiale krav handlar om at grunnleggjande menneskerettar og arbeidsvilkår skal varetakast i vareproduksjon.
Svært mykje av det vi kjøper og forbrukar i dag er produsert i lavlønnsland, med ein heilt annan standard på arbeidstilhøve enn det vi er vant med. Ekstrem bruk av overtid, svært låge løningar, farlege arbeidsplassar og barnearbeid er meir utbreidd enn vi likar å tru.
Det offentlege er den største kunden og forbrukaren av varer i landet (400 milliardar kr årleg), og difor er det viktig at vi går føre som ein ansvarleg aktør, og brukar skattebetalarane sine pengar på ein etisk forsvarleg måte.
Det offentlege er gjerne øvste forbrukar i ein pyramide av leverandørar, og krav bør stillast frå toppen og speglast vidare nedover i leveransekjedene.
Sosialt ansvar i offentlege anskaffingar handlar difor om å stille krav til sin næraste leverandør om at denne skal vurdere tilhøva i sin eigen leveransekjede. Dersom alle offentlege verksemder stille same krav til leverandørane sine, vil dette vere eit svært sterkt signal til næringslivet om at det blir forventa at ein tar desse tema på alvor.
Regjeringen oppfordrer til sosialt ansvarlige offentlige innkjøp:
I regjeringens handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlige anskaffelser står følgende:
Regjeringen legger vekt på at offentlig sektor gjennom sine innkjøp skal ta samfunnsansvar ved å bidra til etisk og sosialt forsvarlig produksjon, handel og forbruk (s 40 i : Handlingsplan for miljø- og samfunnsnsvar i offentlige anskaffelser).
Regjeringens handlingsplan for miljø og samfunnsansvar i offentlige anskaffelser
