Omdømerisiko
Det har vore fleire mediesaker om offentlege verksemder og mangel på sosiale omsyn i leveransekjeda.
Saker om at barnearbeidarar har vore med i produksjon av varer til norske offentlege verksemder medverkar ikkje til å fremje tilliten til det offentlege, og til at skattebetalarane sine pengar blir brukt på ein riktig og forsvarleg måte.
Omdømerisiko og eigen profil er difor òg eit viktig motiv for offentlege verksemder til å engasjere seg i sosiale krav ved innkjøp.
