Ofte stilte spørsmål om ESPD

Her finn du ofte stilte spørsmål frå både oppdragsgivarar og leverandørar om det europeiske eigenerklæringsskjemaet (ESPD). ESPD er obligatorisk å bruke i anskaffingar over EØS-terskelverdi.

Publisert: 05. sep 2018, Sist endra: 01. nov 2018

Oppdragsgivar

Hvordan lager eg ein ESPD-førespurnad?

Den må lagast elektronisk i eit system. Anten kan du lage den i KGV (viss denne funksjonaliteten finst der), eller du kan lage den i den europeiske ESPD-tenesta.

Kan eg bruke ESPD under terskelverdi?

Ja, det kan du, ref. anskaffingsforskrifta § 8-10

Kor finn jeg den europeiske ESPD-tenesta?

Kor finner eg ESPD-skjemaet?

 Viss du vil sjå korleis skjemaet ser ut, så finst ein PDF-kopi. Merk at du ikkje kan fylle ut PDF-en.

Er det gratis å bruke den europeiske ESPD-tenesta?

Ja, og du treng heller ikkje registrere deg som brukar

Når eg opner ESPD-fila ser den heilt uforståeleg ut, er det riktig?

Ja, ein XML ser nokså uforståeleg ut når ein opnar den (dobbelt-klikkar på). Nedst ser du dei første linjene av ei typisk ESPD-fil. Men når du les denne inn igjen i ESPD-tenesta, så vil den vere lesbar.

<?xml version="1.0" encoding="UTF-8"?>
-<espd-req:ESPDRequest xmlns:espd-req="urn:grow:names:specification:ubl:schema:xsd:ESPDRequest-1" xmlns:ccv="urn:isa:names:specification:ubl:schema:xsd:CCV-CommonAggregateComponents-1" xmlns:ext="urn:oasis:names:specification:ubl:schema:xsd:CommonExtensionComponents-2" xmlns:cev="urn:isa:names:specification:ubl:schema:xsd:CEV-CommonAggregateComponents-1" xmlns:cev-

Kor har det blitt av ESPD-førespurnaden eg laga sist?

ESPD-førespurnaden vert ikkje lagra i ESPD-tenesta. Den må lagrast saman med dei andre anskaffingsdokumenta i konkurransen. Viss du ikkje bevisst lagra den, sjekk i mappa "Nedlastingar" på din PC, kanskje den framleis ligg der din PC automatisk lagrar.

Finst det nasjonale avvisingsgrunnar som nemnt i ESPD-skjemaets del III D?

Ja, dei norske anskaffingsreglane går lenger enn EUs direktiv om offentlege anskaffingar i to tilfelle, ref. FOA § 24-2. Sjå meir informasjon om dette i rettleiinga til Nærings- og fiskeridepartementet. Det vil seie at norske oppdragsgivarar alltid skal krysse av for dette valet, og opplyse om dette i konkurransegrunnlaget eller kunngjeringa.

Kva underleverandørar må det leverast ESPD for?

Viss ein leverandør må støtte seg på ein annan leverandør sin kompetanse eller kapasitet for å oppfylle eit kvalifikasjonskrav, må det leverast separat eigenerklæring for denne leverandøren. Utover dette treng ikkje underleverandørar å levere eigenerklæringar.

Treng vi forpliktingserklæring når vi har ESPD?

Forskrift om offentlige anskaffelser stiller krav om at ein leverandør som støtter seg på kapasiteten til andre verksemder skal dokumentere at han rår over dei nødvendige ressursane, til dømes ved å legge fram ei forpliktingserklæring, jf. FOA § 16-10(2).

Denne bestemminga gjeld i tillegg til bestemminga om ESPD. Viss leverandøren støtter seg på kapasiteten til andre verksemder må det dermed leverast både forpliktingserklæring og ESPD for dei aktuelle verksemdene.

Leverandør

Må eg levere ei ESPD-erklæring for kvar anskaffing eg skal gi tilbod på?

Ja, men du kan bruke om att den du har brukt tidlegare, ved å flette den med ESPD-førespurnaden for den aktuelle konkurransen.

Kva er forskjellen på ein ESPD-førespurnad og ei ESPD-erklæring?

ESPD-førespurnad er det "skjemaet" oppdragsgivar ber alle leverandørar som ønsker å levere tilbod til ei konkret anskaffing om å svare på. ESPD-erklæring er din utfylte ESPD-førespurnad som du sender saman med tilbodet ditt.

Når eg opner ESPD-fila ser den heilt uforståeleg ut, er det riktig?

Ja, ein XML ser nokså uforståeleg ut når ein opnar den (dobbelt-klikkar på). Nedst ser du dei første linjene av ei typisk ESPD-fil. Men når du les denne inn igjen i ESPD-tenesta, vil den vere lesbar.

<?xml version="1.0" encoding="UTF-8"?>
-<espd-req:ESPDRequest xmlns:espd-req="urn:grow:names:specification:ubl:schema:xsd:ESPDRequest-1" xmlns:ccv="urn:isa:names:specification:ubl:schema:xsd:CCV-CommonAggregateComponents-1" xmlns:ext="urn:oasis:names:specification:ubl:schema:xsd:CommonExtensionComponents-2" xmlns:cev="urn:isa:names:specification:ubl:schema:xsd:CEV-CommonAggregateComponents-1" 

Eg finn ingen ESPD-førespurnad i XML-format, kva gjer eg?

Leit først gjennom alle anskaffingsdokumenta og sjå om du finn ei XML-fil. Nokre KGV-leverandørar har integrert funksjonalitet for å svare på ESPD. Då vil du ikkje finne noka XML-fil, men vil svare på ESPD-førespurnaden i KGV-verktøyet.

Viss du ikkje finn ei XML-fil eller er i tvil om kva du skal gjere, ta kontakt med oppdragsgivar.

Kan eg starte å lage ei ESPD-erklæring, lagre den og halde fram med å fylle den ut seinare?

Ja, det kan du. Jobb på ESPD-erklæringa og lagre den lokalt i XML-format. Når du så skal hente det opp igjen, så går du inn på valet «Flett ESPD forespørsel med en eksisterende ESPD-erklæring». Då lastar du inn ESPD-førespurnaden til den gjeldande konkurransen i det øvste feltet, og den ESPD-erklæringa du starta på i feltet under.

Dette kan du gjere så mange gonger du vil.

Kva underleverandørar må det leverast ESPD for?

Viss ein leverandør må støtte seg på ein annan leverandør sin kompetanse eller kapasitet for å oppfylle eit kvalifikasjonskrav, må det leverast ei separat eigenerklæring for denne leverandøren. Utover dette treng ikkje underleverandørar å levere eigenerklæringar.

Fleire spørsmål

Eventuelle spørsmål til rettleiingsstoffet kan sendast til espd@difi.no. Du kan rekne med å få svar innan ei arbeidsveke.

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*