Utveljingskriterium (utvelgelseskriterier)

Utveljingskriterium blir brukt i konkurransar der det blir gjennomført ei pre-kvalifisering, og det blir sett ei øvre grense for talet på leverandørar som får levere tilbod.

Publisert: 05. sep 2018, Sist endra: 30. okt 2018

Pre-kvalifisering brukast i avgrensa tilbodskonkurranse, avgrensa anbodskonkurranse, konkurranse med forhandling og konkurranseprega dialog.

Om det antar det er fleire leverandørar som vil oppfylle kvalifikasjonskrava enn det talet du ynskjer å ha med vidare i konkurransen, må du bruke utveljingskriterium til å skilje ut kven av dei kvalifiserte leverandørane som får høve til å levere tilbod.

Slik formulerer du utveljingskriterium

Ein måte å utforme utveljingskriterium på er å spisse eitt eller to av kvalifikasjonskrava.

Har du eit kvalifikasjonskrav som stiller krav til at leverandøren har relevant erfaring knytt til den ytinga som skal leverast, kan du ha eit utveljingskriterium som går på kor omfattande denne erfaringa er og/eller kor relevant ho er.

Eit utveljingskriterium blir formulert på same måten som eit tildelingskriterium. Du vurderer altså ikkje om kriteriet er oppfylt eller ikkje, men i kva grad leverandørane oppfyller kriteriet. Dei leverandørane som best oppfyller dei kriteria du har sett, får invitasjon til å levere tilbod.

Du må vere føreseieleg og objektiv

Metoden vi har skildra ovanfor er ikkje nødvendigvis den einaste måten å velje ut blant overtalig kvalifiserte leverandørar. Regelverket stiller berre krav til at utveljinga skal skje på ein føreseieleg og objektiv måte.

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*