Kontraktsmalar

Krav til bruk av balanserte kontraktsvilkår, bruk av Statens standardavtalar (SSA), konsulentkontraktar for bygg og anlegg, og malar for kontraktar.

Publisert: 11. sep 2018, Sist endra: 15. jan 2019

Bruk av balanserte kontraktsvilkår

Der det finst framforhandla og balanserte kontraktstandardar, skal desse som hovudregel følgast.

Ein kontraktsstandard er framforhandla når han har blitt til gjennom forhandlingar mellom representantar frå ulike partar. Kontraktar som er framforhandla gjennom arbeid i Standard Norge er eksempel på slike kontraktar. 

Særskilte kontraktsvilkår for å få til endringar i kontraktsperioden

Ved kontraktar av ei viss lengde kan det vere ønskeleg å gjere endringar i kontraktsperioden. Du kan ikkje gjere vesentlege endringar i kontrakten etter at kontrakt er inngått - og terskelen for kva som er vesentleg, er låg.

Der du på førehand har regulert inn i kontrakten kva endringar du ønsker i kontraktsperioden, så er det førehandsavklart for leverandøren og ikkje ei vesentleg endring av det som skal leverast. 

Eksempel på endringar

  • opsjonar i mengde eller tid
  • prisreguleringsklausular
  • endring i måten tenesta blir utført
  • plikt til å skifte til nyare teknologi innan viss frist

Statens standardavtalar (SSA)

Statens standardavtalar er kontraktsmalar for små og store anskaffingar av IT- og konsulenttenester.

Avtalane er gratis å bruke, og kan brukast av både offentlege og private verksemder. Statens standardavtalar finst på tre område: IT-anskaffingar, konsulenttenester og elektronisk informasjonsformidling. Sjå også rettleiing for val av SSA-avtale.  

Referansekatalog for IT-standarder i offentleg sektor anbefaler bruk av Statens standardavtalar. Statens standardavtalar er ikkje ”fremforhandlede og balanserte kontrakter” slik dei er definerte i anskaffingsforskrifta.  

Konsulentkontraktar for bygg og anlegg

For konsulentkontraktar innanfor bygg og anlegg skal du nytte NS 8401 "Alminnelige kontraktsbestemmelser for prosjekteringsoppdrag", NS 8402 "Alminnelige kontraktsbestemmelser for rådgivningsoppdrag honorert etter medgått tid" eller NS 8403 ”Alminnelige kontraktsbestemmelser for byggelederoppdrag”, jf www.standard.no.

Desse er framforhandla og balanserte kontraktsstandardar slik dei er definerte i anskaffingsforskrifta, og er laga for denne typen oppdrag.

Andre kontraktsmalar frå Difi

Difi har, forutan statens standardavtalar (SSA), nokre kontraktsmalar som kan brukast.

Kontraktsmalane som ligg under "Relevante verktøy", er ikkje å rekne som ”fremforhandlede og balanserte kontrakter” slik dei er definerte i anskaffingsforskrifta.

Malane er også først og fremst aktuelle på område der det ikkje finst nokon slike standard kontraktar. Difi arbeider med å lage nye kontraktsmalar til bruk for vareanskaffingar.

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*