Tildelingskriterium

Tildelingskriterium er dei parametrane eller konkurransekriteria som oppdragsgivar skal vurdere tilboda etter.

Publisert: 06. nov 2014, Sist endra: 19. okt 2018

Tildelingskriterium blir brukt i kombinasjon med kravspesifikasjonar.

  • Tildelingskriterium er egna der verksemda di ynskjer å premiere betre måloppnåing ved anskaffinga enn det som er stillet som krav.  Til dømes der du har stilt krav til minimum oppetid på et IKT system, så kan betre oppetid brukes som tildeingskriterium.

  • Til dømes der det er ei målsetting å stimulere innovasjon på klimavennlege løysningar, så kan tildelingskriterium på miljøprestasjonar sende tydelege signal til marknaden om at verksemda di ønskjer å stimulere til nye klimavennlege løysningar som ikkje finst i dag.

  • Tildelingskriterium er og eigna når det ikkje er nok konkurranse i marknaden til å bruke eit spesifikt krav i kravspesifikasjonen. Kravet kan i staden gjerast om til eit tildelingskriterium slik at du kan premiere dei tilboda som skårar best.

 Ulike tildelingskriterium

Tilbod kan veljast på grunnlag av følgjande alternativ:

  1. Den lågaste prisen, her vektlegg du berre anskaffingskostnaden
  2. Den lågaste kostnaden, her vektlegg du anskaffingskostnaden og livssykluskostnadar (totale kostnader gjennom heile levetiden, som bruks-, forvaltnings-, drifts og vedlikeholdskonstnader)
  3. Det beste forholdet mellom lågaste pris eller lågaste kostnad og kvalitet, her vektlegg du enten anskaffingskostnaden og kvalitet eller anskaffingskostnaden, livssykluskostnader og kvalitet
  4. Fastpris, der leverandørane konkurrerer på kvalitet (inkludert miljøbelastning), her er ikkje anskaffingskostnaden eit tildelingskriterium, då det ligg fast.

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*