Anskaffelsesprosessen steg for steg

Avklare behov og forberede konkurransen

Evaluering og bruk av evalueringsmodellar

Beskriving av ulike evalueringsmodellar og korleis du bruker modellane til å samanlikne og vekte tildelingskriteria i tilboda som skal vurderast.

Etter at tilbodsfristen har gått ut, skal innkomne tilbod samanliknast og vurderast opp mot tildelingskriteria. Her kan du lese korleis du evaluerer tilbod og bruker evalueringsmodellar.

Tildelingskriteria kan enten målast opp mot det beste tilbodet (relativ vurdering) eller opp mot ei referanseramme / ein kvalitetsstandard.

For å kunne samanlikne tildelingskriteria må du finne éin storleik som kan samanliknast for alle tilboda. For å kome fram til ein storleik bruker vi ein evalueringsmodell. Evalueringsmodellen skal brukast til å systematisere vurderinga av dei enkelte tilboda og til å lage ei samla vurdering av tilboda opp mot dei oppgitte tildelingskriteria og vektinga av desse.

Om ulike typar evalueringsmodellar

Evalueringsmodellar kan vere komplekse og inkluderer som regel ein matematisk formel for utrekning av poeng. Det er derfor viktig å sette seg godt inn i denne type modellar før ein bruker dei. 

Val av evalueringsmodell er ikkje viktigare enn riktig bruk av valde modell. Ein god evalueringsmodell skal vere eigna til bruk i den enkelte konkrete anskaffinga, og vidare vil val av tildelingskriterium og vekting av desse vere vesentleg for om modellen identifiserer det beste tilbodet.

Det eksisterer ei rekkje ulike evalueringsmodellar som kan brukast i arbeidet med å evaluere tildelingskriterium, og Difi har gjort ei kartlegging av kva for nokre dette er.

Særleg under hovudmodell 3 men også under hovudmodell 4 er det identifisert ei rekke ulike variantar. Under gir vi ei nærmare beskriving av desse modellane.

Krav til evalueringsmodellar og bruk av desse

Korleis ein evalueringsmodell skal vere utforma er ikkje uttrykkeleg regulert i lov eller forskrift. Bruk av ein evalueringsmodell i evalueringa av tilbod er del av det innkjøpsfaglege skjønnet, som i avgrensa grad kan overprøvast av KOFA eller ein domstol. 

Denne skjønnsutøvinga må likevel vere sakleg og innanfor dei grunnleggande krava i regelverket for offentlege anskaffingar. Det viktige er at prosessen er transparent og kan framskrivast på førehand – tilbydarar skal få opplyst ut frå kva forhold tilboda kjem til å bli vurderte, og sida skal både kjøpar og tilbydarar rette seg etter dette.

Basert på blant anna KOFA-praksis og annan rettspraksis gjeld følgande:

  • Du som oppdragsgivar har fridom til å fastsette evalueringsmodell, men modellen må vere utforma slik at relevante forskjellar som har noko å seie mellom tilboda kjem fram ved gjennomføring av evalueringa.
  • Same evalueringsmodell må brukast konsekvent for alle tildelingskriteria i same konkurranse.
  • Dersom forskjellen i tilboda ikkje representerer nokon meirverdi for oppdragsgivar, er det ikkje påkravd å skilje mellom dei.
  • Det er inga plikt til på førehand å opplyse om kva for (ein) evalueringsmodell(ar) som vil bli nytta. Dersom oppdragsgivar likevel vel å gi opplysningar om at ein bestemt evalueringsmodell vil bli brukt, må denne i så fall nyttast.

Evaluering av tilbod kan vere ei utfordring viss:

  • Du ikkje har eit bevisst forhold til innhald og val av evalueringsmodell
  • Tildelingskriteria ikkje er presist nok utforma og får ikkje fram skilje mellom dei ulike tilboda i tilstrekkeleg grad
  • Du bruker valde evalueringsmodell feil
  • Du ikkje gjer nødvendige simuleringar for å avdekke uheldige utslag
  • Du stoler blindt på resultatet som modellen viser

Hovedmodellane/metodane for evaluering

Det er identifisert en rekke ulike variantar, særleg under hovedmodell 3, men og under hovedmodell 4.

Språkleg evaluering av tilbod

Med språkleg vurdering er meint ei skriftleg skjønnsvurdering av tildelingskriteria og vektinga av desse.

Ei evaluering av tilbod basert på ei språkleg vurdering er ei form for evalueringsmodell. Forskjellen på tilboda og vektinga av kriteria vert spegla i tilbodsvurderinga.

Språkleg evaluering vert brukt ved vurdering av dei kvalitative tildelingskriteria før ein evt. gir vurderingane poeng ut frå ein fastsett poengskala. Regelverket er ikkje til hinder for at ein bruker ei slik type evaluering aleine både for vurdering av kvalitative og kvantitative tildelingskriterium (t.d. løysingsforslag og pris).

Utfordringa med å evaluere på ein slik måte er at det er vanskeleg å beskrive både vurderingane og vektinga korrekt slik at resultatet er i samsvar med dei grunnleggande prinsippa om likebehandling, og at prosessen skal vere føreseieleg, gjennomsiktig og etterprøvbar.

Oppdatert: 28. september 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.