Evaluere konkurransen

Formålet med denne aktiviteten er å samle og dokumentere erfaringane frå konkurransen for å kunne forbetre dei neste konkurransane.

Publisert: 06. nov 2014, Sist endra: 30. okt 2018

Evaluering er ein prosess som bør gå parallelt med anskaffingsprosessen slik at alle fasar og trinn vert vurderte.

Formålet med heile anskaffingsprosessen er at du ender opp med å innstille og inngå kontrakt med den eller dei leverandørane som kan oppfylle dei målsettingar og resultat som er sett for konkurransen. På dette stadiet er det konkurransegjennomføringa og dei strategiske vurderingane som har lagt føringar for gjennomføringa som skal evaluerast. Evalueringa bør ende i ein sluttrapport med råd for neste anskaffing og eventuelt forslag til forbetringar.

Anskaffingsprosessen

  • Sikra dei strategiske vurderingane tilstrekkeleg konkurranse?
  • Var tilboda gode nok, eller måtte dei avvisast?
  • Var det riktig prosedyre som vart valt?
  • Var det riktig å dele opp/ikkje dele opp anskaffinga i delkontraktar?
  • Var det riktige krav og tildelingskriterium som vart stilt?
  • Var det riktig vekting av tildelingskriteria?

Organisering

  • Var det sett av nok ressursar/kompetanse og tid til å planlegge anskaffinga?
  • Var det sett av nok ressursar/kompetanse og tid til å gjennomføre konkurransen?
  • Var det nok brukarinvolvering?
  • Var ansvar og myndigheit tilstrekkeleg klart, fordelt og definert?

System og prosedyrar

  • Vart anskaffinga tilstrekkeleg understøtta av nedfelte prosedyrar?
  • Vart prosedyrane følgde?

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*