Implementere avtalen

Når leveransen har starta, er det lett å gløyme kva som står i kontrakten. Lag eit kort informasjonsskriv om innhaldet i kontrakten (også kalla "Kort om avtalen" (KOMA)).

Publisert: 24. sep 2015, Sist endra: 26. jun 2018

Sørg for godt samarbeid og dialog i avtaleperioden, og at du har god oppfølging av krava i kontrakten. Ei god avtaleoppfølging kan også hjelpe oppdragsgivar med å sjå nye moglegheiter for komande konkurransar.

Informasjon om avtalen

Avtalen må gjerast kjend hos både leverandør og oppdragsgivar for å kunne få til eit godt samarbeid under kontraktsperioden. Å hoppe over dette vil kunne få store konsekvensar i form av misforståingar og økonomiske konsekvensar seinare i kontraktsperioden.

Implementeringsmøte

Det hjelper ikkje å ha ein god avtale viss ikkje brukarane av kontrakten veit kva som står i den. Derfor er internmarknadsføring av avtalen viktig.

Du kan spare mykje tid på ein-til-ein-forklaring ved å halde eit implementeringsmøte. Valt tilbydar kan med fordel vere den som presenterer KOMA for bestillarane på eit slikt møte. Uansett bør KOMA gjerast tilgjengeleg for alle som ikkje kan delta på eit slikt møte.

Hugs å ikkje ta med opplysningar som er unntatt offentlegheit i eit slikt dokument, då dette bør gjerast tilgjengeleg for alle brukarar av kontrakten, uansett sikring av teieplikt.

Definering av roller

Er det sikra at alle partar er fullstendig inneforstått med bestemmingane i kontrakten? Er alle som har bestillingsmyndigheit, kontrollansvar osb. faktisk klare over ansvaret i si rolle? Ved å utarbeide ei liste i KOMA over dei ulike rollane vil du sikre at rolla «nokon» vert identifisert.

Verktøyets grensesnitt mot andre verktøy

Det viktigaste verktøyet å koordinere mot grensesnittavtalen (KOMA) er Leverandør-evalueringsverktøyet frå Difi. Begge bør gjerast kjende for valt tilbydar før kontraktsignering.

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*