Statusmøte
Leverandøren bør sikre at det vert gjennomført statusmøte. Dei bidrar til ei god oppfølging av leveransen.
Det er viktig med jamlege møte med oppdragsgivar for å ta opp mellom anna følgande forhold:
- har leveransen skjedd på avtalt stad og til avtalt tid?
- har kvaliteten på leveransen vore som beskrive i avtalen?
- er service og oppfølgingsnivået som beskrive i avtalen?
- er fakturering som beskrive i avtalen?
- er e-faktura og e-handel implementert og i drift?
Eit godt samarbeid er også kjenneteikna ved at leverandør og kunde samarbeider for å auke miljøomsyn, universell utforming, innovasjon og sosialt ansvar på dei varer og tenester som vert leverte. Eit nært samarbeid med fokus på desse overordna målsettingane vil samtidig utvikle kunden til å verte ein betre kunde for ditt firma samtidig som de saman kan styrke konkurransekrafta di.
Jamlege møte bør også innehalde punkt som kontroll av prisar og forventa prisendring. Produkt/tenestesamansettinga i leveransen bør kunne utviklast gjennom samarbeid, slik at behovsdekkinga vert optimal for kunden utan at totalkostnaden vert høgare. Inviter derfor til jamlege møte med kunden der mellom anna framdrift/status på leveransen, prisar og framtidige moglegheiter vert diskuterte.