Førebu og marknadsføre eiga bedrift
For å arbeide strategisk smart, bør du setje nokre klare mål. Kva ønskjer du å få ut av det arbeidet de legg ned? Kva slags konkurransar bør de delta i, og ikkje?
Publisert: 04. sep 2015, Sist endra: 21. nov 2018
Døme på mål
- bedrifta skal vinne 4 av 10 konkurransar der det er levert tilbod
- bedrifta skal ha ein leveringsgrad på minimum 98 % på alle inngåtte avtalar
Slike mål kan vere nyttige om du etter ei stund skal evaluere og vurdere arbeidet du legg ned i offentlege konkurransar.
Kva slags konkurransar skal vi delta i?
Har bedrifta strategiar for kva slags konkurransar og avtalar som passer dykk? Før de utarbeider tilbod i ein konkurranse, bør de vurdere følgjande faktorar:
- Strategisk viktig
- Lønsemd du kan oppnå (til dømes timepris målt opp mot nødvendig innsats)
- Sannsynet for å vinne (sett i høve til konkurrentar)
- Relasjon til oppdragsgjevar
- Relevante referansar
- Tidspunkt for gjennomføring
- Tilbodsfrist
- Kor tilgjengeleg ressursar er så vel for gjennomføring som for utarbeiding av tilbodet
Tips:
Gje berre tilbod på det du meiner er dei rette konkurransane for di bedrift.
Sjå etter dei oppdragsgjevarane som leitar etter ein leverandør med dine styrkar.