Dialog med framtidige kundar

Mange offentlege verksemder er redde for å bli skulda for korrupsjon eller for ikkje å følgje likebehandlingsprinsippet. Dei er difor tilbakehaldne med å ha dialog med leverandørar før konkurransar.

Publisert: 20. Mai 2014, Sist endra: 26. jun 2018

Marknadsføring overfor noverande og potensielle kundar – det er lov!
Dialog mellom oppdragsgjevar og leverandørar - det er lov!

Det som er viktig, er at prinsippa om likebehandling og konkurranse følgjast. Les meir om dette under steg 2, lover og reglar, høve for dialog.

Gode anskaffingar byggjer på samarbeid

– Vi må gjere kvarandre gode for å oppnå «det gode innkjøp».

Det offentlege ønskjer stadig oftare å gå i dialog i forkant av tilboda. Dialogen kan gjelde for planlagde framtidige anskaffingar og for konkrete anskaffingar.  Når du blir invitert, benytt dette høvet til å møte dine potensielle kundar, og samtidig konkurrentane og samarbeidspartnarene dine.   

Difi oppmodar oppdragsgjevarar til auka dialog med marknaden for å undersøkje nye høve og såleis ha auka grunnlag til å kunne skrive eit best mogleg konkurransegrunnlag.

Vi spør:

  • Kan oppdragsgjevar nok om korleis han kan dekkje behovet sitt utan å sjekke kva høve som finst i marknaden?
  • Er det mogleg å få ei god kunnskapsoppbygging før ei anskaffing om det ikkje er dialog?

Difi mener dette varierer, men dialog er med på å skaffe det beste produktet eller den rette tenesta.

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*