Analysere konkurranse

Før du begynner på å skrive eit tilbod, bør du tenke gjennom om dette er rett konkurranse for di bedrift. Vurder om oppdraget treff dei sterke sidene til bedrifta di, og om det gir gode vinnarsjansar og god lønnsemd.

Publisert: 28. Mai 2014, Sist endra: 26. jun 2018

Sjå etter dei oppdragsgivarane som leiter etter ein leverandør med dei styrkane di bedrift har. Lag strategiar for kva avtalar som passar dykk. Gi berre tilbod på det du meiner er dei rette konkurransane for di bedrift.

Du bør vurdere følgande:

  • Om oppdraget er strategisk viktig for bedrifta di 
  • Kva lønnsemd du kan oppnå (til dømes timepris målt opp mot nødvendig innsats)
  • Kor sannsynleg det er at de vinn (sett i forhold til konkurrentar)
  • Relasjon til oppdragsgivar
  • Relevante referansar
  • Tidspunkt for gjennomføring
  • Tilbodsfrist
  • Om du har tilgjengelege ressursar for gjennomføring og utarbeiding av tilbodet 

Gjennomgang av dei neste stega i menyen til venstre kan også vere nyttige viss du etter ei stund skal evaluere og vurdere arbeidet du legg ned i offentlege konkurransar.

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*