Levere tilbodet

Tilbodet må vere i tråd med dei krava og fristane som oppdragsgivar har sett. Leverer du for seint eller på feil måte, vil tilbodet ditt verte avvist. Oppdragsgivar beskriv i konkurransegrunnlaget korleis tilbodet skal leverast.

Publisert: 28. Mai 2014, Sist endra: 20. Mai 2019

Tilbodet må vere i tråd med utformingskrava

Ulike oppdragsgivarar vil krevje at du leverer tilbodet på ulike måtar ut frå korleis det best passar deira saksbehandlingssystem og rutinar. Oppdragsgivar brukar eit digitalt system for innlevering, eit så kalla konkurransegjennomføringsverktøy. 

Vær merksam på at tilbod ofte skal leverast i fleire eksemplar, og i ein versjon der forretningsløyndommar er sladda. Dette fordi konkurrentar kan be om innsyn i konkurransegrunnlaget ditt viss dei meiner seg urettferdig behandla.

Lever innan fristen

  • Det er tilbydar som er ansvarleg for å levere i tide. Det er tidspunktet hos oppdragsgivar som gjeld, så du må berekne tid nok avhengig av kva måte tilbodet skal sendast  .
  • Viss tilbodet vert sendt med bod eller per post er det ditt ansvar å sørge for å vere ute i god tid. Eit tilbod som vert levert 5 minutt over fristen vert automatisk diskvalifisert. 
  • Tilbodet ditt er eit viktig verdidokument. Be derfor alltid om kvittering der det står når og kor tilbodet er mottatt.

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

Hjelp oss å bli bedre