Skrive tilbodet
For å vinne en offentleg konkurranse må du kunne forklare oppdragsgjevar kvifor du er den beste til å dekkje deira behov. Det er ikkje nok å bevise at firmaet ditt har den bakgrunnen, kunnskapen og evna som må til for å levere.
Publisert: 28. Mai 2014, Sist endra: 27. Mai 2020
Suksesskriterier for eit godt tilbod
- Skriv kort, og svar på akkurat det som det spørjast om og ikkje meir enn det
- Bruk bilag for å skildre meir detaljerte skildringar om du treng det
- Start alltid med å svare konkret på det som det spørjast om. Følg opp med eventuelle grunngjevingar og merknader etterpå
- Om du har kopiert frå eit tidlegere tilbod, så hugs å kontrollere og justere teksten slik at oppdragsgjevar merkar at du har svart på nettopp denne sitt konkurransegrunnlag