Kva seier tilbodet ditt til oppdragsgjevaren?

Er tilbodet ditt eit tilbod som oppdragsgjevaren ikkje greier å si nei til? Eit godt tilbod gjer at bodskapet ditt kjem betre fram og blir betre hugsa i evalueringsprosessen.

Publisert: 28. Mai 2014, Sist endra: 26. jun 2018

Tilbodet blir gjerne ein del av kontrakten

Dette betyr at det du skriv i tilbodet bind deg kontraktsmessig om du vinn konkurransen. Det kan kanskje vere freistande å overdrive kompetanse eller høve til å levere for å vinne kontrakten, men hugs på at du kan bli stilt til ansvar for dette seinare.

Forretningsløyndomar

Er du redd for at forretningsløyndomar eller sensitive opplysningar skal kome på avvegar? Då bør du opplyse om dette i tilbodet. Du kan til dømes skrive: «Desse opplysningane må ikkje visast andre utan godkjenning frå tilbodsgjevar". 

Hald deg til oppgåva

Det er ofte detaljert skildra korleis tilbodet ditt skal svarast på. Hald deg til oppgåva, sjølv om du ser høve til forbetringar. Oppdragsgjevar har retten til å velje korleis tilbodet skal sjå ut.

Ofte er det også vedlagt eit skjema som skal fyllast ut med prisar, kvalitetsskildringar, leveringsfristar osv. Svar på dette utan å endre noko på tilhøva. Endring av dette skjemaet fører oftast til avvising eller feilevalueringar av tilbodet ditt.

Her kan du, ved å få bedrifta di til å stå fram som attraktiv, selje deg inn til ein langsiktig og trygg kunde.

Er tilbodet ditt eit tilbod som oppdragsgjevaren ikkje greier å seie nei til?

Sjølv om det er en offentleg saksbehandlar som les tilbodet ditt, er det lurt å lage det lettlese og attraktivt. Eit godt tilbod gjer at bodskapet ditt kjem betre fram og blir betre huska i evalueringsprosessen.

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*