Kvalitetssikre tilbodet

Å levere tilbod til offentleg sektor er den ytste forma for direktemarknadsføring. Skriv tilbodet slik at det er enkelt å forstå kva du meiner.

Publisert: 28. Mai 2014, Sist endra: 26. jun 2018

Skriv til oppdragsgjevar

Kven er det som skal evaluere tilbodet ditt? Skriv tilbodet slik at vedkomande forstår kva du ønskjer skildre. Skriv korkje «fordummande» eller for teknisk avansert for mottakar.

Det er lett å skulle bevise kor mykje ein kan, men hugs å vere konkret og svar på det som blir spurd etter. Tenk gjerne gjennom kven du forventar at skal lese tilbodet ditt.

Pass på ikkje å bruke for mykje framandord og fagtermar når du svarar på korleis du kan dekkje behovet til oppdragsggjevaren. Skriv gjerne i daglegtale, så slepp du å bli feiltolka. Prøv gjerne å eksemplifisere det du ønskjer å uttrykkje. 

Kunsten å skrive et GODT tilbod

Det er lurt å lese gjennom tilbodet, med marknadsførings-brillene på, ein siste gang før du leverer det. Som vi har skrive før:  hugs at det å levere tilbod til det offentlege, er den ytste forma for direktemarknadsføring.

 

Les gjennom 

Det kan vere mange detaljar å halde styr på i eit tilbod.

  • Gå grundig gjennom alt materiale før du leverer det inn
  • Lag alltid ei sjekkliste over alt tilbodet skal innehalde og gå igjennom lista før du leverer tilbodet
  • Er  all dokumentasjon inkludert og ikke utgått på dato?
  • Er kontaktinformasjonen til referansane oppdatert?
  • Er tilbodet skriven i ei form som gjer det lettlese og attaktivt?

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*