Rammeavtalar

Kva ein rammeavtale er, og litt informasjon om korleis han blir brukt.

Ein rammeavtale er ein avtale mellom éin eller fleire oppdragsgivarar og éin eller fleire leverandørar som har til formål å fastsette kontraktsvilkåra for dei kontraktane som skal inngåast i løpet av den perioden rammeavtalen varer.

Kontraktsvilkåra vil typisk vere om kva som skal leverast, prisar, leveringsvilkår og anna som er relevant for den ytinga rammeavtalen omfattar.

Når du inngår rammeavtalar etter kunngjering og konkurranse i samsvar med anskaffings­regel­verket, kan du tildele kontraktar (gjere avrop på rammeavtalen) i samsvar med vilkåra i ramme­avtalen, utan å gjere ei (ny) kunngjering.

Konkurransen om å vinne rammeavtalen dreier seg i realiteten om retten til å få levere dei varene eller tenestene rammeavtalen omfattar, i heile den perioden rammeavtalen varer.

Kva ein rammeavtale kan omfatte

Du kan inngå rammeavtale for både varer og tenester. Typisk vil ein inngå rammeavtale om ei vare eller teneste ein stadig har behov for.

Kvifor du inngår rammeavtale

Ein rammeavtale kan gi fleksibilitet og administrative innsparingar for oppdragsgivar. Dette kjem av at avrop kan gjerast raskt utan at ny konkurranse må kunngjerast.

Lengda på rammeavtalen

Ein rammeavtale kan som hovudregel ikkje vare meir enn 4 år. Det kan vere grunnar for å ha en lengre rammeavtale, til dømes der leverandøren har store investeringar som det er behov for å avskrive for at avtalen skal vere lønnsom. Dette bør begrunnast særkild.

Taket er nådd – skildring av omfang i
konkurransegrunnlaget

Kor omfattande ein rammeavtale vil vere, vil som regel vere forbunde med noko uvisse i det rammeavtalen blir inngått. Etter ei utgreing fra EU-domstolen i mai 2021 er det ikkje tilstrekkeleg å oppgi et anslag av kva du trur.

Du plikter å oppgi i kunngjeringa ei samla anslått mengde og/eller verdi, og dertil den maksimale mengda og/eller en maksimal verdi. Regelen er grunngjett i likebehandlings- og gjennomsiktighetsprinsippet og mellom anna at leverandørane skal ha kunnskap om kva den maksimale forpliktinga utgjer. Det er med andre ord ikkje lenger lovleg å angi eit anslag av kva du trur, men oppdragsgivar må òg fastsette eit makstak som dei ikkje skal gå utover. Dette taket omfattar òg alle oppdragsgivarar som har adgang til å tiltre rammeavtale på eit seinare tidspunkt.

Rammeavtale med éin eller fleire leverandørar

Rammeavtale kan du inngå med éin eller fleire leverandørar. Dersom du inngår rammeavtale med éin leverandør, må du fastsette alle kontraktsvilkåra for dei framtidige kontraktane i rammeavtalen (tilsvarande om du inngår delkontraktar med ein leverandør per delkontrakt).

Du kan også inngå rammeavtale med fleire leverandørar om leveranse av dei same varene eller tenestene. Dette kallar vi parallelle rammeavtalar. I ein parallell rammeavtale treng ikkje alle kontraktsvilkåra å vere fastsette. Meir om dette under avrop på rammeavtalar.

Avrop på rammeavtale med éin leverandør

Tildeling av kontrakt etter ein rammeavtale med ein leverandør skal skje på grunnlag av dei kontraktsvilkåra som blei avtalt ved inngåing av rammeavtalen. Om nødvendig kan oppdragsgivar ta skriftleg kontakt med leverandøren og be om utfyllande tilbod. Eit utfyllande tilbod kan innebere ei justering av kva som blir tilbydd, men ikkje ei vesentleg endring. Du kan ikkje få tilbod om noko anna enn det som er omfatta av rammeavtalen.

Avrop på parallelle rammeavtalar

Avropa på parallelle rammeavtalar avheng av om alle vilkåra er fastsette i rammeavtalen eller ikkje.

Alle vilkår fastsette

Dersom du har fastsett alle vilkåra, må avropa gjerast etter den fordelingsnøkkelen du har fastsett. Fordelingsnøkkelen må vere angitt i konkurransegrunnlaget. Du må utforme fordelingsnøkkelen slik at det er klart korleis fordelinga skal gjerast. Fordelingsnøkkelen må spegle resultatet i konkurransen. Her er nokre måtar du kan angi fordelingsnøkkelen på:

  • Leverandøren med det beste tilbodet blir først spurd om levering. Kan ikkje den best rangerte leverandøren levere, går førespurnaden til leverandør rangert som nr. 2 osb.
  • Prosentvis fordeling
  • Fordeling i samsvar med geografi

Det er ikkje utelukka at ein kan unnlate å oppgi ein fordelingsnøkkel på førehand. Dette kan vere tilfellet til dømes der ei fagleg vurdering i det konkrete tilfellet blir lagd til grunn for kva for ei av dei alternative ytingane som skal leverast i det konkrete tilfellet.

Oversikt over tilgjengelege malar for rammeavtalar

Meir innhald om Rammeavtalar

Oppdatert: 7. juli 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.