Ekstern byggherrerådgjevar/prosjektleiar?

Byggherrar med liten intern kapasitet eller kompetanse på byggjeprosjekt, vil ofte ha behov for bistand frå ein byggherrerådgjevar eller prosjektleiar for å gjennomføre eit byggje- eller anleggsprosjekt på ein god måte.

Publisert: 02. sep 2013, Sist endra: 01. nov 2018

Når ein byggherre skal bestemme prosjektstrategi og planleggje gjennomføringa av eit prosjekt bør ein ha solid og oppdatert kunnskap om prosess og bransje. For dei som ikkje jamleg gjennomfører byggje- og anleggsprosjekt med eigen organisasjon, vil det løne seg å leige inn ein profesjonell byggherrerådgjevar allereie i dei første fasane.

Byggherrerådgjevaren vil vere rådgjevar for den administrativt ansvarlege for prosessen, det vil seie rådmann eller etatssjef, og ei støtte for den prosjektansvarlege i administrasjonen.

Ein byggherrerådgjevar kan gjerne kome inn heilt i startfasen av eit prosjekt for å sikre at det etablerast ein prosjektorganisasjon som er godt tilpassa kompleksiteten og storleiken til prosjektet.

Dei første fasane i eit prosjekt gjennomførast før det er engasjert arkitekt og tekniske rådgjevarar. Rådgjevaren vil i desse fasane hjelpe byggherren med opplegg for, og gjennomføring av, dei første viktige vurderingar av behova i høve til framtidig bruk av bygget eller anlegget.

Når behovet er klarlagt, og avgjerda om vidareføring av prosjektet er teke, vil byggherrerådgjevaren bidra ved val av gjennomføringsmodell og innkjøpsprosedyrar.

Korleis skaffe seg ein byggherrerådgjevar?

Det er enkelt å skaffe seg ein byggherrerådgjevar innanfor regelverket om offentlege anskaffingar.

Tabellen nedanfor gjev ei oversikt over kva slags del av forskrift om offentlege anskaffingar som gjeld avhengig av kva slags kostnadsanslag ein har for innkjøpet.

Byggherrerådgjevaren som prosjektleiar

Før innkjøpet må det takast stilling til kva slags fasar det er aktuelt å kunne bruke byggherrerådgjevaren i og rådgjevaren sitt høve til deltaking i konkurransar seinare i prosjektet. Dette er særleg aktuelt om den same rådgjevaren skal kunne vere prosjektleiar vidare i prosjektet. I eit slikt tilfelle må konkurransen også omfatte konkurranse om prosjektleiar.

Kostnad i kr eks mvaDirekte innkjøp eller plikt til kunngjering?Kva slags forskriftsdel gjeld?
Under 100 000Direkte innkjøp – skaffe seg tenesta ved å vende seg direkte i marknaden utan plikt til kunngjering. Ingen protokollplikt.Del I
Mellom 1,1 og 1,75 mill. for statlege verksemderKunngjering i DOFFIN-databasen.Del II
Mellom 100 000 og 1,1/1,75 mill.Direkte innkjøp – skaffe seg tenesta ved å vende seg direkte i marknaden utan plikt til kunngjering. Protokollplikt.Del I
Over 1,1/1,75 mill.Kunngjering i TED-databasen (gjerast i DOFFIN-databasen som vidaresender til TED).Del III

Kva slags krav bør ein stille?

Når ein skaffar seg ein byggherrerådgjevar er det viktig å stille gode kvalifikasjonskrav og tildelingskriterier og krevje dokumentasjon slik at ein kan vurdere desse. Kva krav som må stillast i det einskilde tilfellet kjem an på typen og storleiken på det planlagde prosjektet og må vurderast konkret, men følgjande vil ofte vil vere aktuelt:

  • God erfaring frå bransjen – gjerne som rådgjevar både for utførings- og oppdragsgjevarsida.
  • Krav til kunnskap om å tenke livvsyklus opp mot ulike måtar å organisere prosjekt på, ulike gjennomføringsmodellar og ulike kontraktar.
  • Erfaring frå rådgjeving frå den konkrete typen prosjekt.
  • Kunnskap om regelverket for offentlige innkjøp.

Krava kan dokumenterast gjennom til dømes personleg CV og referansar.

Det bør stillast krav om at byggherrerådgjevaren må kunne ha møte med oppdragsgjevar, eventuelt at arbeidsstad er lokala til oppdragsgjevar. Dette gjerast som ein del av kravspesifikasjonen.

Inngåing av kontrakt

NS 8402 regulerer oppdrag mellom byggherre og byggherrerådgjevar der rådgjevaren har ein omsorgsplikt, der det ikkje er presist definerte rammer for oppdraget. Ytinga til rådgjevaren vil difor normalt bli honorert etter tida som har gått med til dette.

Til NS 8402 er et utarbeidd Byggblankett 8402: Formular for kontrakt om rådgjevingsoppdrag honorert etter tid som har gått med.

 

Sharethis

Byggeprosessen steg for steg

Her finner du relevante veiledere og maler for alle deler av byggeprosessen.

Byggeprosessen steg for steg

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*