Kvifor høge energiambisjonar i bygg?

Lågare energiforbruk og reduksjon i utslepp er viktig for å nå både nasjonale og internasjonale miljømål.

Publisert: 02. sep 2013, Sist endra: 30. jan 2019

Energibruk påverkar i stor grad økonomien i heile levetida til bygget. Høge investeringskostnadar for å senke energibehovet kan bidra til god totaløkonomi. Optimal utforming av bygget kan senke energibehovet og frigjere midlar til andre formål.

Regelverket om offentlege anskaffingar, $5 i LOA, krev at du tek omsyn til livssykluskostnadar (LCC) og miljøkonsekvensar i planlegginga av ei anskaffing. Gode, langsiktige disposisjonar er bakgrunnen for at alle offentlege byggjeprosjekt er pålagt å ta omsyn til LCC i planlegging og innkjøp.

Politiske mål

Offentlege anskaffingar kan styre utviklinga og bidra til politiske mål, både lokalt og i EU-samanheng.

Offentlege anskaffingar innanfor bygg- og anlegg utgjer ein stor del av den økonomiske aktiviteten i sektoren. Krav som blir stilt til leverandørar, tenester og byggjevarer har stor betydning for marknadsutviklinga, og stimulerer til innovasjon på området.

Offentleg sektor har eit særleg ansvar for å bruke anskaffingane til å påverke produkt- og prisutviklinga i ønska politisk retning, både med omsyn til økonomi, ressursar, energi og miljø.

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*