Inngå kontrakt - leige av eigedom

Når du skal inngå kontrakt om eit leigeforhold er det viktig at kontrakten er utforma slik at du enkelt kan følge den opp seinare. I tillegg må alle deltakarane få informasjon om at konkurransen er avslutta.

Publisert: 27. Apr 2018, Sist endret: 02. jul 2018

Du bør i samsvar med god forvaltningsskikk gi beskjed til deltakarane i konkurransen om kven som har vunne, gjerne med ei kort grunngjeving for kvifor dette var det beste tilbodet. Dette kan skje anten ved bruk av e-post eller per brev. Du treng ikkje å gi karenstid og klagefrist eller ei omfattande grunngjeving for valet slik regelen er ved andre anskaffingar.

Offentlegheit og innsynsrett

Alle dokument som vert utarbeidd av eller sendt til ei offentleg verksemd er i utgangspunktet opne for innsyn etter offentleglova. Dette gjeld også for tilbod, referat, leigekontraktar og andre dokument som er utarbeidde i samband med ein konkurranse om inngåing av leigekontrakt. Offentlegheita, media og deltakarane i konkurransen har derfor rett til å be om innsyn i dokumenta. Hugs likevel på at du etter forvaltningslova har plikt til å skjerme forretningsløyndommar.

Korleis bør kontrakten vere?

Når leigekontrakten er inngått er konkurransen endeleg avslutta. Etter dette går du inn i ein ny fase der det er leigekontrakten og husleigelova som gjeld. Sjølv om munnlege avtalar er like bindande som skriftlege, bør leigekontrakten vere skriftleg og underteikna av både leigetakar og utleigar. Dette er mellom anna for å unngå tvil i ettertid om kva som er avtalt mellom dykk. Mange utleigarar ønsker at deira leigekontrakt vert brukt. Difi anbefaler å bruke leigekontrakten som ligg i vår dokumentpakke for leige av eigedom. Denne er balansert og tilpassa offentlege leigetakarar.

Kravspesifikasjonen med vedlegg er ein viktig del av kontrakten. Det same gjeld det dokumenterte resultatet av forhandlingane. Ofte vert dette tatt inn som ei endring i kravspesifikasjon eller i kontrakt, men det kan også leggast ved som vedlegg til kontrakten.

I tillegg bør kontrakten innehalde ei oppstilling av ansvarsfordeling mellom utleigar og leigetakar. Sjå døme under:

 

Utleigar sitt ansvar og kostnad 

Utleigar sitt ansvar, leigetakar sin kostnad

Leigetakar sitt ansvar og kostnad

Drift

Her listar du alle oppgåver på bygningsdelar og anlegg 

 

 

 

Vedlikehald

Her listar du alle oppgåver på bygningsdelar og anlegg

 

 

 

 

 

Deldette

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*