Kunngjering eller annonsering - leige av eigedom

Ei kunngjering eller ein annonse der du søker etter utleigarar og eigna leigeobjekt gir ei god oversikt over kva marknaden har å tilby.

Publisert: 27. Apr 2018, Sist endret: 30. okt 2018

Leige av eksisterande lokale er ikkje omfatta av anskaffingsforskrifta. Det er derfor ikkje eit krav om at leigekontrakten må kunngjerast i Doffin. Anskaffingslova seier likevel at offentlege leigetakarar skal sikre seg at ein får konkurranse og opptre i samsvar med god forretningsskikk. Det betyr at du må avklare kva passande leigeobjekt som finst i marknaden. Dette kan gjerast på fleire måtar:

  • Frivillig kunngjering i Doffin
  • Annonsering i lokale og regionale media
  • Marknadsundersøkingar
  • Direkte kontakt med aktuelle utleigarar

Kva for ein av dei nemnte metodane som er best, vil avhenge av kor stort lokale ein ønsker å leige, kor lenge leigeavtalen skal vare og tilbodet i den lokale marknaden. Den beste metoden for å sikre konkurranse vil mest sannsynleg vere annonsering supplert med ein eller fleire av dei andre metodane.

Det er eit generelt råd at ein ikkje stiller for detaljerte krav til leigeobjektet i kunngjeringa og/eller annonsen slik at ein ikkje hindrar konkurranse på ein unødvendig måte.

Difi si dokumentpakke for leige av eigedom inneheld eit forslag til annonsetekst.

Deldette

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*