Felleskostnader - leige av eigedom

Felleskostnader er kostnader for drifta av bygget og tenester som vert delt med andre. Døme er vakthald og renovasjon. Felleskostnader påverkar leigekostnadene dine og må følgast opp i leigeperioden.

Kva inngår i felleskostnader?

Felleskostnader kjem i tillegg til kostnadene for å leige dei areala du nyttar. Døme på felleskostnader kan vere

  • energi i fellesareal
  • snøbrøyting
  • felles reinhald
  • vaktmeistertenester
  • vakthald
  • renovasjon og kommunale avgifter

Det finst ikkje nokon eintydig definisjon av kva som inngår i felleskostnader. Dei kan derfor variere frå utleigar til utleigar. Det vert dermed viktig at leigekontrakten definerer tydeleg kva som inngår i felleskostnader og kva nivå leigetakar kan forvente på tenester som inngår i felleskostnadene. Døme her kan vere kor lenge resepsjonen er manna kvar dag eller responstida på vaktmeistertenester. I tillegg bør du få med i leigekontrakten korleis det skal målast at tenesta vert utført i samsvar med det som er avtalt, og tiltak viss du er misfornøgd med kvaliteten.

Deling av felleskostnader

Viss du ikkje leiger heile eigedommen, vert dette som regel løyst ved at du dekker ein del eller brøk av felleskostnadene. I slike tilfelle bør du gjere ein kvalitetskontroll både når leigekontrakten vert inngått og undervegs i leigekontrakten slik at du får den brøken som er naturleg ut frå storleiken på lokala dine og bruken din av dei.

Oppfølging av felleskostnader

Det er viktig at du følger opp kvaliteten på tenestene som inngår i felleskostnadene. Leigekontrakten er basisen. I tillegg bør du ha jamlege møte med utleigar der de går gjennom tenestene. Det er viktig både å evaluere kvaliteten fram til møtet og bestemme konkrete tiltak viss du ikkje er fornøgd med tilstanden. I tillegg bør du diskutere om din brøk av eventuelle delte lokale framleis stemmer.

Utleigaren kan ikkje einsidig endre felleskostnadene eller den brøken de har avtalt, med mindre det står tydeleg beskrive i leigekontrakten.

Viss kvaliteten er for låg

Viss du ikkje opplever å få den kvaliteten som de har avtalt på tenestene som vert dekt av felleskostnadane, gir leigekontrakten og husleigelova deg nokre hjelpemiddel. Du kan mellom anna be om prisavslag, halde tilbake pengar eller krevje erstatning. Kva som er aktuelt avheng av typen avvik og omfanget av avviket, i tillegg til kva som er avtalt i leigekontrakten.

Korleis formulere riktig?

Det kan vere komplisert å følge opp felleskostnader. Det er derfor viktig at leigekontrakten er tydeleg og godt skriven. Det kan vere lurt å konsultere teknisk og juridisk fagpersonell slik at tenestene vert definerte på ein god måte. Du kan også vurdere å få inn bistand til oppfølging av felleskostnader.

Oppdatert: 12. desember 2022

Kontakt

Spørsmål om Bygg, anlegg og eiendom

  • e-post bae [at] dfo.no (bae[at]dfo[dot]no)

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.