Opphøyr av kontrakt - leige av eigedom

Ein leigekontrakt kan ta slutt på to måtar; anten ved oppseiing eller ved at avtalt leigeperiode er over.

Publisert: 27. Apr 2018, Sist endret: 30. okt 2018

Start førebuingane i tide

Det bør leggast inn eit varsel i økonomisystemet eller liknande seinast to år før kontrakten går ut, slik at du får begynt førebuingane til neste leigeavtale. Dette er uavhengig av om det vert i same lokale eller ikkje.

Oppseiing av kontrakt

Viss leigekontrakten held fram på ubestemt tid, er det viktig at du seier opp leigekontrakten skriftleg innanfor fristane som står i leigekontrakten. Er leigekontrakten inngått for ein gitt tidsperiode, må du normalt ikkje sende ei skriftleg oppseiing, men det kan vere lurt å avtale med utleigar når og korleis tilbakelevering skal skje.

Synfaring ved utflytting

Du bør gjere ei synfaring med utleigar når leigeobjektet skal leverast tilbake. De bør i fellesskap føre ein protokoll frå synfaringa på same måte som ved overtakingssynfaringa. Det skal stå i protokollen kven som deltok på synfaringa, og kva skadar som vart avdekt og kven som har ansvaret for å utbetre desse innan kva fristar. Viss utleigar skal overta nokon av leigetakar sine eigedelar, kan dette også førast inn i protokollen. Protokollen bør gjerast ferdig og underteiknast under synfaringa. Ta gjerne bilete og film som viser tilstanden ved tilbakeleveringa.

Deldette

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*