Overtaking – leige av eigedom

Når du skal overta lokala, begynner leigeperioden og det er viktig å gjennomføre en overtakingssynfaring saman med utleigar. På denne sida får du rettleiing i korleis du skal sikre at denne vert gjennomført på ein strukturert måte.

Korleis gjennomføre ei overtakingssynfaring?

Overtakingssynfaringa er ei synfaring og ein kontroll av lokala. Den bør gjennomførast med utleigar. Under synfaringa kontrollerer og dokumenterer du og utleigar at lokala har ein kvalitet som stemmer med kontraktskrava. Døme på forhold som bør kontrollerast er kor slitt golvbelegget er, om utvendige persienner fungerer, om talet på cellekontor stemmer etc.

Protokoll frå overtakinga

Generelt er det praksis å bruke utleigar sin mal for overtaking. Men denne kan variere i kvalitet. Det kan derfor vere ein god idé å legge ved eit døme på en overtakingsprotokoll i konkurransegrunnlaget slik at utleigar veit kva du forventar når de skal gå overtakingssynfaring. Viss du ikkje har ein eigen mal for dette, finn du døme på overtakingsprotokollar frå andre offentlege aktørar nedst på sida.

Protokollen bør gjerast ferdig og underteiknast under overtakingssynfaringa slik at det ikkje er tvil om kva som vart avdekt og kven som skal gjere kva innan kva fristar. Normalt sett er det utleigar som sørger for at det vert ført overtakingsprotokoll, men det er ingenting i vegen for at dette kan gjerast av leigetakar. Eit godt tips er å ta bilete og eventuelt film under overtakingssynfaringa som viser tilstanden ved overtakinga.

Kvifor er overtakingssynfaring viktig?

Overtakingssynfaringa er ei kvalitetssikring av at det som er avtalt i kontrakten er vorte levert. Ei god overtakingssynfaring er avgjerande for å avdekke manglar ved overtaking og dokumentere dette for seinare utbetringar. Desse utbetringane skal skiljast frå jamn drift og vedlikehald. Overtakingsprotokollen er også viktig ved seinare møte om kontraktsoppfølging. Kva er utbetra og kva står att?

Protokollen kan også vere eit godt hjelpemiddel ved utflyttinga for å avdekke om noko er ein skade leigetakar er ansvarleg for eller om forholdet er eit utslag av naturleg slitasje som utleigar er ansvarleg for.

Andre dokument frå overtakinga

I tillegg til overtakingsprotokoll, kan det vere at leigetakar skal få annan type dokumentasjon ved overtakinga, som t.d. FDV-dokumentasjon, brukarrettleiingar og prosedyrar t.d. for evakuering ved brann. Kva dokument dette er, vil kome fram av leigekontrakten.

Oppdatert: 12. desember 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.