Marknadsundersøking - leige av eigedom

Marknadsundersøkinga skal gi deg ei oversikt over kva som vert tilbydd i marknaden og moglegheitene for å finne lokale som tilfredsstiller behova frå kartlegginga. Etter marknadsundersøkinga kan det vere behov for å justere behovsanalysen på bakgrunn av kva marknaden tilbyr.

Korleis gjennomføre ei marknadsundersøking?

Marknadsundersøkinga kan gjennomførast ved søk i databasar, annonsering, samtalar med utleigarar e.l. Viss du bruker ein innleigemeklar, vil han eller ho normalt stå for marknadsundersøkinga.

Marknadsundersøkinga må baserast på behova som kom fram i behovsanalysen.

Døme på søkekriterium kan vere:

  • Areal, både tal på kvm og arealeffektivitet, t.d. om leigeobjektet er innretta som cellekontor eller landskap.
  • Tilgjengelegheit til leigeobjektet; når kan ein forvente å flytte inn og kor lenge kan ein forvente å kunne leige?
  • Om leigeobjektet er tilpassa dine tekniske og funksjonelle krav, t.d. til publikumsareal, universell utforming eller liknande. Kanskje må ein bygge om først?
  • Teknisk standard og kva tilleggstenester utleigar kan tilby.
  • Avstand frå kollektivknutepunkt.
  • Byggets energiklasse, eller kanskje du vil ha eit bygg som oppfyller krava til passivhus?
  • Bygg med miljøklassifisering i samsvar med BREEAM-NOR miljøklassifiseringssystem for bygningar

Hent inn prospekt og grove skisser som ein del av marknadsundersøkinga. Dette kan du laste ned frå nettsider der utleigeobjekt vert annonserte, eller du kan få det frå utleigarar og utleigemeklarar.

Når marknaden ikkje responderer

Viss marknadsundersøkinga viser at det truleg ikkje vert tilbydd lokale som oppfyller dine ønske frå behovsanalysen, kan det vere nødvendig å justere ambisjonsnivået. Alternativt kan du bestemme deg for å bygge om det bygget der du leiger i dag, eller bygge eit nytt bygg.

Betre miljøprestasjon?

Viss du ikkje er nøgd med miljøprestasjonen til dei tilgjengelege bygga i marknaden, kan du legge opp til å betre miljøstandarden undervegs i leigeperioden, på ein kontrollert måte. Eigedomsbransjen har utvikla ein såkalla «Miljøavtale», tilpassa deira standard leigeavtale for næringsbygg. Det må dermed tilpassast den leigekontrakten som inngår i DFØ sin dokumentpakke for leige av eigedom. Avtalen finn du hos Norsk Eiendom.

Oppdatert: 12. desember 2022

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.