Finansiering - OPS

Det er mange måtar å finansiere prosjektet på. Det som er viktig er å behalde insentivmekanismane i prosjektet.

Publisert: 30. sep 2014, Sist endra: 04. okt 2018

Opphavleg var finansiering ein føresetnad for ein Offentleg Privat Samarbeids-modell (såkalla DBFMO (T)-kontrakt). Det har i den seinare tida, særleg i Noreg der tilgang på offentleg kapital er stor, vore lansert «hybridmodellar» for privat og offentleg finansiering.

Ved privat finansiering kan offentleg oppdragsgjevar redusere betalinga om bygget eller anlegget ikkje leverast til avtalt standard og tilgjengelegheit gjennom heile avtaleperioden.
Det er svært viktig å behalde ein tilsvarande insentivmekanisme, om finansieringa gjerast delvis i offentleg regi.

Nedbetaling av byggjelån ved ferdigstilling

Når bygget eller anlegget er ferdigstilla til avtalt tid og standard, kan dette utløyse ei offentleg utbetaling slik at leverandør kan betale ned på lån og såleis redusere den offentlege leigeprisen for resten av leigeperioden.

Denne mekanismen vart mellom anna brukt på OPS-prosjektet Orkdalsvegen (Klett-Bårdshaug), der leverandøren fekk utbetalt 100 millionar NOK etter slutten på året for kvart av dei tre første åra etter ferdigstilling.

Det er viktig ikkje å betale ned heile prosjektkostnaden før ved ei eventuell tilbakeføring. Slik beheld du insentivstrukturen i heile kontraktsperioden.

Karolinska-modellen

Nye Karolinska sjukehus i Stockholm gjennomførast som eit OPS-prosjekt. Oppdragsgjevar, Stockholms Län, gjekk inn med kontantinnskot før byggjestart for å oppnå betre rentevilkår.

Offentleg medeigarskap

OPS-selskapet opprettast oftast som eit såkalla «Special purpose vehicle» eller «single purpose company» berre for å gjennomføre dette prosjektet. Eigarskapet i selskapet kan bestå av fleire aktørar. Då kan offentlege oppdragsgjevarar gå inn på eigarsida av OPS-selskapet og bidra med kapital til gjennomføringa.

Slik vil prosjektet få tilgang på offentleg kapital samtidig som leverandøren kan få ein del av potensiell vinst i prosjektet. I tillegg vil modellen bidra til at offentlege og private interesser er samanfallande, betre samarbeid og auka transparens i prosjekta.

Denne modellen er enno ikkje prøvd ut i Noreg, men vart tilrådd av britiske styresmakter då det vart gjort ein kritisk gjennomgang av deira mest brukte OPS-modell, Private Finance Initiative (PFI) i 2011. Offentleg medeigarskap vart gjort framlegg om som eitt av fleire initiativ for å skape ein meir solid og eigna OPS-modell, såkalla PF2.

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*