Fri programvare – Open source

Fri programvare er programvare som brukaren har lisensfesta rett til å endre på og formidle vidare. Men fri programvare er ikkje alltid gratis, og gratis programvare er ikkje nødvendigvis fri.

Gratis programvare

Gratis programvare treng du ikkje kjøpe lisens for å kunne bruke. Men viss du ønsker å forandre på den, vil du ikkje ha verken moglegheit eller lov til å gå inn i koden og gjere endringar, med mindre den er lisensiert under ein fri programvarelisens.

Fri programvare

Fri programvare har du lov til å gjere endringar i, men du må respektere vilkåra i lisensen. Den avgrensar ikkje kva du har lov til å endre, men kva du gjer med endringane. 

Kva du har lov til å gjere med endringane?

Viss programvara har ein såkalla copy-left-lisens, må alle endringar du har gjort, redistribuerast under same lisens. Med andre ord vert alle modifiserte og utvida versjonar av programvara også frie og underlagt copy-left-lisensen. Copy-left er eit generelt konsept, ikkje ein konkret lisens. Det finst ulike copy-left-lisensar, t.d. GNU-General Public License (GNU-GPL) og GNU Affero General Public License (AGPL).

Andre typar frie programvarelisensar tillét at den som vidareutviklar den frie programvara, ikkje deler endringane med andre. Berkley Software Distribution-lisensen (BSD) er eit døme på ein slik lisens. Den tillét at en lisenstakar tar programvara, endrar den og sel den under sitt eige namn.  

Nettsida chosseallisence.com kan vere ei hjelp til å velje kva lisens som passar for ditt behov.

Europeisk fri programvarelisens 

European Union Public Lisence (EUPL) er ein fri programvarelisens utvikla for å vere i samsvar med lovgivinga innanfor EU/EØS. Det meste av programvara utvikla innanfor PEPPOL-prosjektet, har EUPL-lisens.  

Sjå også

Oppdatert: 5. juli 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.