Miljø og energi - IT-drift

Ved miljøvennleg bruk av IKT kan du redusere kostnadar og skape stor miljøgevinst.

Publisert: 03. apr 2014, Sist endra: 13. nov 2018

Rettleiing for berekraftige anskaffingar

Energibruk

Så mykje som 75% av driftskostnadar ved eit datasenter er knytt til straumbruk. Ein overgang til grøne datasenter vil kunne redusere straumforbruket med mellom 15 og 80 prosent, avhengig av kor energieffektive dei er i utgangspunktet.*  Slik kan du spare energi i datasenteret

Retningslinjer for auka energieffektivitet

EUs retningslinjer for energieffektivitet i datasenter (The European Code of Conduct for Energy Efficiency in Data Centre) har som føremål å informere og stimulere datasenteroperatørar til å redusere energibruken på ein kostnadseffektiv måte utan å redusere sikkerheit og funksjonalitet. Meir om EUs retningslinjer for energieffektivitet i datasenter

Forsvarleg retur og avhending

IKT drift omfattar som regel også maskinvare. Ved å planlegge retur og avhending allereie under anskaffinga bidrar vi til at IKT-utstyr vert handtert på ein forsvarleg og miljøvennleg måte. Meir om retur og avhending av IKT-utstyr

Meld.St. 23 Digital agenda for Norge: IKT for vekst og verdiskaping (2012-13)

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*