Energibruk

Så mykje som 75 prosent av driftskostnadane for eit datasenter er knytt til straumbruk. I eit livssyklusperspektiv gir sjølv små reduksjonar i energibruken store utslag både på CO2-utslepp og på straumrekninga.

Publisert: 30. apr 2013, Sist endra: 08. jun 2018

6 tips for energisparing

Jordklode
 
 

Datasenteret er eit bygg, eller eit større område i eit bygg, som er reservert for IKT-utstyr, serverar, backup, straumforsyning og sikkerheitssystem. IKT-utstyret er oftast serverar, datalagringssystem og datakommunikasjonsutstyr.

 

1. Skru av lyset

Datasenter er for det meste ikkje bemanna, og behovet for lys er lite:

  • Installer automatisk sløkking og rørslesensorar for å regulere lys
  • Bruk LED-lys som krev lite energi

2. Optimaliser kjøling

Serverar og maskiner produserer mykje varme og har behov for kjøling. Kjøling står for 30-50 prosent av energibruken i eit datasenter.

Mange datasenter vert kjølte ned til 21-24 grader, mellom anna for å auke levetida på maskinvara, basert på anbefaling frå leverandørar. I realiteten er levetida på dagens maskinvare såpass kort at temperaturen betyr lite. 27 grader er låg nok temperatur på kjølelufta, ifølge American Society of Heating, Refrigerating and Air-Conditioning Engineers (ASHRAE). Dei hevdar også at temperaturen på kjølingsvatnet kan aukast frå ca. 10 grader til nærare 20 grader.

  • Bruk gratis kjøling utanfrå i staden for kompressordriven kjøling
  • Lag eit fysisk skilje mellom "kalde" og "varme" sonar, tilsvarande kjøleområdet i matvarebutikkar

3. Vel energieffektiv maskinvare og straumforsyning

  • Sjekk straumbruken på maskinvara og still krav om Energy Star
  • Er det ekstern straumforsyning, vel lågast mogleg straumforbruk

4. Bruk om overskotsvarme frå maskinane

Datasenter lager store mengder varme, og det kan gi store gevinstar å bruke overskotsvarmen, til dømes til oppvarming av kontorlokala i den kalde årstida.

5. Konsolider og virtualiser serverar

  • Konsolider gjennom å slå saman fleire serverrom til nokre få store datasenter
  • Virtualiser gjennom å dele opp ei fysisk maskin i fleire virtuelle. Desse maskinane oppfører seg som fysisk ulike maskinar, noko som igjen gir plass- og straumsparing. Cloud baserer seg på virtualiseringsteknologi.

6. Mål og overvak energibruken

Energieffektiviteten til eit datasenter vert målt i PUE - Power Usage Effectiveness. PUE = Total energibruk for datasenteret / IT-energibruken.

  • Vi anbefaler kontinuerleg måling og benchmarking av energibruken på minimum den totale energibruken til serverane, men aller helst også separat måling av alle komponentane (server, kjøling, backup, annan maskinvare)
  • Overvaking av serverar kan identifisere kva serverar som står på utan å vere i bruk (zero load), noko som kan vere så mykje som 70% av maks energibruk.

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*