Europeiske retningslinjer for energieffektivitet i datasenter

European Code of Conduct for Data Centres-programmet er eit frivillig initiativ for å redusere miljøpåverknad og kostnadar, og forbetre energisikkerheit.

Publisert: 30. apr 2013, Sist endra: 16. okt 2018
Logo
 
 

Europeiske retningslinjer for energieffektivitet i datasenter (The European Code of Conduct for Energy Efficiency in Data Centre) vart oppretta som eit svar på eit stadig aukande energiforbruk i datasenter. Føremålet er å informere og stimulere datasenteroperatørar til å redusere energibruken på ein kostnadseffektiv måte utan å redusere krava til sikkerheit og funksjonalitet.

Retningslinjene rettar seg primært mot eigarar og operatørar av datasenter, sekundært mot forsyningskjeda og tenesteleverandørar.

Ordninga er frivillig og vert administrert av Joint Research Centre (JRC) som er Europakommisjonens interne organ.

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*