Spesialutvikling

Ei spesialutvikla løysing er laga spesielt for éin kunde. Det er ofte det beste alternativet viss behovet ditt er så spesielt at det ikkje finst standardløysingar som kan dekke det.

Publisert: 18. feb 2015, Sist endra: 08. jun 2018

Det er viktig å gjere ei grundig marknadsundersøking før du konkluderer med at det ikkje finst nokre løysingar i marknaden som kan tilfredsstille behovet ditt. Det kan også vere lurt å køyre ein prosess med leverandørdialog før du startar opp med å spesifisere kva du har behov for. Kanskje kan leverandørane kome med gode idéar og nyttige innspel.

Ting å tenke på når du kjøper spesialutvikling

  • Lag spesifikasjonen din så kortfatta og overordna som mogleg. Detaljerte kravspesifikasjonar avgrensar leverandørane sine moglegheiter til å bruke sin kompetanse til å tilby gode løysingar. Ein detaljert kravspesifikasjon er ressurskrevjande for leverandørane å svare på og fører kanskje til at du får færre tilbod.
  • Det kan vere ein fordel å bruke smidig systemutviklingsmetodikk. Då kan du som kunde påverke løysinga undervegs. Det er ofte vanskeleg å førestille seg systemet i detalj i forkant. Ein prosess som utset avgjersler om løysingsutforming så lenge som mogleg er derfor ein fordel.
  • Tenk over kva slags rettar du vil ha til løysinga som vert utvikla. Sjølv om du ikkje har eigne systemutviklarar internt, kan det kan vere ein fordel å ha opphavsretten sjølv. Det gir mindre leverandørbinding, fordi du kan leige inn ein annan leverandør til å vidareutvikle løysinga.
  • Viss du har interne systemutviklarar, men ikkje nok kapasitet til å utvikle den nye løysinga, kan det vere ein god idé å kjøpe systemutviklingskapasitet og eventuell spisskompetanse som du manglar som konsulentbistand. Systemutviklinga kan då gjennomførast med ei blanding av interne og eksterne ressursar, medan vedlikehald og vidareutvikling deretter kan gjerast med interne ressursar.

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*