IT-strategi

Ein sky-strategi kan vere å sette ut all drifta som før har vore gjort internt i skya. Ei anna kan vere å halde fram med intern drift, men kjøpe enkelte system som sky-løysinger.

Publisert: 20. jun 2019, Sist endra: 29. jun 2019

Om skystrategi

Målbilete

Eit godt forankra målbilete med ei tydeleg strategi sikrar ei trygg overgang fra løysingar installert internt til løysingar konsumert over internett.

Målbilde for sky
 
 

Overgangsarkitektur

Kva system som først skal ut i skya avheng av modning og overgangsarkitektur

Overgangsarkitektur for skystrategi
 
 
  • Nye standard løysingar anskaffes som skytenester
  • PaaS anvendes som plattform for nye nye eigenutvikla løysingar
  • Komplekse eldre eigenutvikla systamane køyrer på eigen infrastruktur. Kost/nyttvurdering avgjør om dei skal køyre på IaaS i skyen

 

Prioriterte anskaffingar

 

Tilgang til ulike skyplattformar med relaterte tenester

  • Formål: Opparbeide læring i bruk av ulike plattformar i skya. Lære korleis vi kan kombinere skytenester med intern infrastruktur og teknologiar
2019

Kontorstøtteverktøy

  • Formål: Tilgang til kontinuerleg oppdaterte kontorstøtteverktøy
2020

Spørsjeundersøking

  • Formål: Tilgang til verktøy for å spørje tilsette, leverandørar og brukarar om utvalde tema
2021

 

Sourcing

Dei strategiske vala du gjer omkring kva tenester du skal sette ut til eksterne leverandørar, og kva tenester du av strategiske grunnar vel å handtere sjølv, kallar vi sourcingstrategi.

Slik strategi omfattar ikkje berre IKT; ei verksemd kan òg velje å sette ut for eksempel økonomi og rekneskap, logistikk eller andre oppgåver verksemda ikkje ser på som ein del av kjerne­verksemda si. Ein grunn til å sette ut tenester kan vere at ein kan oppnå stordriftsfordelar, slik at det blir meir kostnadseffektivt enn å produsere tenestene sjølv. Det kan òg vere at ein manglar den nødvendige kompetansen til å utføre den aktuelle funksjonen sjølv.

Kjøp av skytenester er ei form for sourcing. Her finn du meir informasjon om sourcing: Gjøre selv eller sette ut en skytjeneste – hva lønner seg?

Arkitektur

Difi har definert nokre overordna arkitekturprinsipp. Desse skal vere felles retningslinjer for alt arbeid med IKT i offentleg sektor. Det er obligatorisk for statlege verksemder å følge prinsippa, mens prinsippa er anbefalte for kommunal sektor.

Gjennom å følge Difi sine arkitekturprinsipp kan du sikre at du ikkje har sperra for bruk av nettsky som plattform seinare, sjølv om dette ikkje er aktuelt for di verksemd i dag.

Dei viktigaste prinsippa for å sikre at ein ikkje låser seg mot bruk av sky er:

  • Teknisk interoperabilitet: Dette inneber å bruke tekniske standardar gjer det lett å definere grensesnitt, overføringsprotokollar og format på ein god måte.

  • Fleksibilitet: IKT-løysingar skal utformast slik at dei ikkje hindrar seinare endringar i arbeidsprosessar, innhald, organisering, eigarforhold eller infrastruktur.

  • Skalering: IKT-løysingar skal kunne skalerast ved endringar i bruk. Endringar kan for eksempel vere knytt til talet på brukarar, volum, responstider eller liknande. Det må vere mogleg å skalere løysinga opp eller ned etter at ho er sett i drift.

Dei andre prinsippa – som tryggleik og tenestorientering – er sjølvsagt like viktige og relevante for eit IKT-prosjekt der ein vurderer å bruke skytenester som for andre typar IKT-prosjekt.

Dersom ei verksemd skal utvikle nye, lokale system, er det viktig at verksemda vel ein arkitektur som kan dra nytte av dei karakteristiske fordelane med skytenester, og som eignar seg for overgang til skya, om verksemda skulle ønske å gjere dette på eit seinare tidspunkt.

Difi sine overordna arkitekturprinsipp finn du her

Kan leverandøren tvinge deg over i skya?

Fleire og fleire IT-leverandørar ønskar å levere sine tenester som «software as a service» (SaaS). Slik kan dei unngå å måtte vedlikehalde mange ulike variantar av tenesta i parallell. Leverandøren er forplikta til å levere IT-tenesta i det omfang og i det tidsrommet som er avtalt, men mange kundar er i vedlikehaldsfasen og det er  ikkje sjølvsagt at ein leveradnøren vil fornye ei gammal vedlikehaldsavtale.

Ein annan strategi fra leverandøren si side kan vere å stoppe utviklinga på gamle system så dei ikkje er i tråd med regelverket, eller auke prisane så systema vert uforholdsmessig dyre å bruke.

Dersom du ønsker å bytte ut eit system som har vorte drifta internt eller hos ein driftsleverandør med ei skyløysing (SaaS), må du lyse ut på nytt. Sjølv om funksjonaliteten til løysinga er den same, er tenesta du kjøper forskjelleg fordi du kjøper drifta i tillegg.    

Sharethis

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

Hjelp oss å bli bedre
*