Miljø og energi - IT-utstyr

Miljøutfordringane knytte til IKT-utstyr er mange, både ved produksjon av IT-utstyret (farlege kjemikalie, sjeldne mineral, avfall), ved bruken (straumbruk og CO2-utslipp) og ved avhending (e-avfallshandtering).

Publisert: 31. mar 2014, Sist endra: 01. nov 2018

Miljøkrav til IT-utstyr

Offentlege verksemder må stille miljøkrav når dei går til innkjøp av IKT-utstyr og mobiltelefonar. EU har utarbeidd miljøkriterium for IT-utstyr som datamaskiner, laptopar, enkle serverar, prosjektor, skrivarar og skannarar. Du finn lenkje til desse i høgremenyen.

Krav om energieffektivisering

Krav til energieffektivisering er fastankra i EU-forordning og norsk forskrift. Statlege innkjøparar skal stille desse krava når dei kjøper IT-utstyr. Energy Star er ei frivillig internasjonal merkeordning for leverandørar som skal fremje produksjon og marknadsføring av energieffektivt IKT-utstyr. Les meir om Energy Star.

Stor miljøgevinst ved å ta vare på datamaskiner lengre

Det som gjev minst miljøpåverknad er å bruke IKT-utstyret lengst mogleg før det bytast ut. Gjennom å gjere strategiske vedtak innan innkjøp og innkjøp av datamaskiner og skjermar, kan offentleg sektor såleis oppnå store miljøvinstar. Den raske utviklinga i form av redusert materiale- og energibruk, vil også seie at miljøpåverknaden i stor grad er flytta frå bruksfasen over til produksjons- og avhendingsfasen. Dette gjeld særleg mobiltelefonar, LCD-skjermar, nettbrett, berbare og stasjonære PC-ar.

Retur og avhending av IT-utstyr

Når utrangert IKT-utstyr skal bytast ut er det også viktig å tenkje på miljø. Utrangert IKT-utstyr eller EE-avfall, kan innehalde miljøgifter og skal samlast inn og behandlast på ein forsvarleg måte. Det finst eigne vilkår om EE-avfall. Her kan du lese meir om retur og avhending av IT-utstyr.

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*