Energy Star

Energy Star er ei frivillig internasjonal merkeordning for leverandørar, som skal fremje produksjon og marknadsføring av energieffektivt kontorutstyr (IT-utstyr).

Publisert: 11. mar 2014, Sist endra: 08. aug 2018

Ordninga er opphavleg frå USA, men er gjennomført i Europa ved samarbeidsavtalar mellom USA og EU. Noreg har gjennomført ordninga ved forskrift 25. juni 2010 nr 940, som gjennomfører forordning 106/2008 og 174/2013 i norsk rett.

Etter artikkel 6 vert kontraherande myndigheiter på regionalt og lokalt nivå oppfordra til å bruke energieffektivitetskriteria ved offentlege anskaffingar. Hovudmålet er å bidra til ei meir miljøvennleg utvikling ved å fremje produksjon og marknadsføring av energieffektivt IT-utstyr.

Mellom anna er følgjande produkt omfatta av ordninga:

Logo Energy star
 
 
  • Datamaskinar som:
    • Stasjonære datamaskinar
    • Berbare PC-ar
    • Integrerte datamaskinsystem (integrated desktop computer)
    • Mobile tynne klientar
    • Nettbrett
    • Arbeidsstasjonar
    • Små serverar
  • Skjermar
  • Bildeattgjevingsutstyr som:
    • Kopimaskinar
    • Digital duplikator
    • Faksar
    • Multifunksjonseiningar
    • Skannarar
    • Skrivarar
  • Avbrotsfri straumforsyning (UPS)
  • Entreprise serverar

Energy Star si nettside kan du gjere søk på dei ulike produktgruppene.

Det er Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som gir informasjon om og fører tilsyn med at økodesign- og energimerkekrava vert overhaldne. Sjå også nettsida til NVE og www.energimerking.no for meir informasjon.

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*