Miljøkrav til mobiltelefonar

Heile livssyklusen til ein mobiltelefon påverkar ressursbruken, inkludert materiale, energi og avfall. Ved planlegging av eit innkjøp er det viktig å ta omsyn til livssykluskostnader og miljømessige konsekvensar.

Publisert: 30. apr 2013, Sist endra: 08. jun 2018

Livssyklusen til ein mobiltelefon

Mobiltelefon som knipser et tre
 
 

Livssyklusen til ein mobiltelefon består hovudsakleg av utvinning og tilarbeiding av mineral og råmateriale; produksjon av komponentar; montering av komponentane; transport undervegs i produksjonsprosessen frå utvinning av råmateriala til levering til sluttbrukar; driftsfase; og, til slutt, avhending.

Alle fasane krev bruk av energi og vil seie potensielt skadeleg utslepp både på land, i vatn og i luft. Vesentlege mengder avfall skal handterast enten i form av deponi eller resirkulering. Du kan lese meir om miljøpåverknad ved produksjon, bruk og avhending av mobiltelefonar i Teknisk bakgrunnsrapport for berekraftige innkjøp av mobiltelefonar (EC 2010).

Under planlegging av eit godt og berekraftig innkjøp av mobiltelefonar bør livssykluskostnadene og den miljømessige påverknaden takast med når ein legg planane, og du bør stille relevante krav til leverandørane.

EU sine miljøkriterium for mobiltelefonar

Europakommisjonen har utarbeidd eit sett med miljøkriterium for mobiltelefonar. Kjernekriteria (core criteria) fokuserer på materiale og energibruk til ein mobiltelefon med ladar. Omfattande kriterium (comprehensive criteria) tek for seg fleire aspekt ved materiala som brukast i produksjonsprosessen, i tillegg til økodesign og forlenga levetid.

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*