Retur og avhending av IT-utstyr

Utrangert IT-utstyr eller EE-avfall kan innehalde miljøgifter og skal samlast inn og behandlast på ein forsvarleg måte. Det finst eigne bestemmingar om EE-avfall.

Publisert: 30. apr 2013, Sist endra: 01. okt 2019
Gamle PC-skjerner
 
 

Brukt elektronisk utstyr skal førebuast til ombruk så fremt utstyret er i stand til å det. Elektronisk utstyr som ikkje kan setjast i stand til ombruk, skal gjenvinnast.  Utstyr som skal gjenvinnast skal handsamast av eit returselskap godkjent av Miljødirektoratet eller av ein annan lovleg mottakar.

IT-avfall er i ferd med å verte eit stort globalt problem, og dei fattigaste delane av verda vert hardast ramma. Ofte vert EE-avfallet destruert ved at det hamnar i eit stort deponi eller vert smelta i opne flammar utan forutgåande kjeldesortering. Giftstoff frå materiala kan føre til alvorlege sjukdommar og er svært skadelege for miljøet.

Oppdragsgjevar risikerer eit ansvar om dei ikkje leverer det brukte IT-utstyret sitt til ein leverandør som er medlem av eit godkjent returselskap eller har ein avtale med ein annan lovleg mottakar, det vil seie ein aktør som har løyve frå forureiningsstyresmakta til å handsame elektronisk avfall. Difi har utarbeidd et krav til sikker innsamling, sletting, ombruk og gjenvinning av PC-ar, skjermar og nettbrett som oppdragsgjevarar kan bruke. Du finn det i Difi si Kriterievegvisar

Godkjend mottakar av EE-avfall

Mottakar av EE-avfall må vere godkjend i EE-registeret som vert vedlikehalde av Miljødirektoratet. Liste over godkjende returselskap i Noreg 

EE-registeret har også oversikt over alle produsentar og importørar av EE-produkt, og ein statistikk over varetilførsel av EE-produkt og totalt innsamla EE-avfall per halvår. EE-produkt er ikkje berre IT-ustyr, men alt som er avhengig av elektrisk straum for å fungere korrekt. Det kan vere alt frå kjøleskap og vaskemaskin, til TV, lyspærer, kablar og leidningar og ventilasjon. Meir om EE-registeret

Grønt Punkt Norge

Innkjøp av IT-utstyr fører med seg for store mengder emballasje. Av omsyn til tryggheit under transport er emballasjen ofte langt større enn utstyret den inneheld. Resirkulering og materialgjenvinning av emballasjen er også eit viktig tiltak for miljøet. Difi har utarbeidd eit kontraktsvilkår til emballasje til IT-utstyr som ein finn i Difi si Kriterievegvisar

Grønt Punkt Norge AS sikrar og administrerer finansiering av returordningane for ulike typar emballasje. I tillegg drifter Grønt Punkt Norge innsamling og gjenvinning av plastemballasje og emballasjekartong. Meir om Grønt Punkt Norge

Sharethis

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

Hjelp oss å bli bedre
*