Miljø og samfunnsansvar - IT-utstyr

Miljøutfordringane knytte til IT-utstyr er mange, både ved produksjon av IT-utstyret (farlege kjemikalie, sjeldne mineral, avfall), ved bruken (straumbruk og CO2-utslipp) og ved avhending (avfallshandtering). Detbeste enkelttilataket du kan gjere er å kjøpe IT-utstyr av høg kvalitet som kan leve lenge.

Publisert: 31. mar 2014, Sist endra: 24. jan 2020

Miljøkrav til IT-utstyr

Offentlege verksemder bør stille miljøkrav når dei går til innkjøp av IT-utstyr. Difi har utarbeidd krav til miljø og sosiale hensyn ved anskaffingar av PC-ar ((berbare og stasjonære), skjermar og nettbrett) som ein finn i Digdir si Kriterievegvisar. Enkelte av krava, t.d. om kjemikal kan også nyttast for andre kategoriar av IT-utstyr. EU har utarbeidd miljøkriterium for skrivarar og skannarar, mens Upphandlingsmyndigheten i Sverige har utarbeidd miljøkriterium for IT-utstyr som TV-ar og prosjektorar, i tillegg til skrivarar. Ein finn lenkjer nedanfor. 

Stor miljøgevinst ved å ta vare på IT-utstyr lenger

Det som gjev minst miljøpåverknad er å bruke IT-utstyret lengst mogleg før det bytast ut. Gjennom å gjere strategiske vedtak innan innkjøp av IT-utstyr, kan offentleg sektor såleis oppnå store miljøvinstar. Den raske utviklinga i form av redusert materiale- og energibruk, vil også seie at miljøpåverknaden i stor grad er flytta frå bruksfasen over til produksjons- og avhendingsfasen. Dette gjeld særleg berbare og stasjonære PC-ar, LCD-skjermar, nettbrett og mobiltelefonar.

Krav om energieffektivisering

Avtalen mellom EU og USA om den frivillige internasjonale merkeordninga Energy star gjekk ut i februar 2018. For å stille krav til energieffektivisering kan ein anten stille krav til maksimalt energiforbruk, og godta Energy star som ein av fleire måter å dokumentere kravet på. Alternativt kan ein vise til Økodesignforordninga (forordning 617/2013) som stiller krav til maksimalt energiforbruk i produkt som PC-ar og nettbrett. I Digdir si Kriterievegvisar, i kravet "Lovkrav om kjemikal og energieffektivitet" viser vi korleis et slikt krav kan sjå ut. Les meir om utløp av avtala om Energy Star. Europakommisjonen har igangsatt et arbeid for å oppdatere krav til energieffektivitet for de europeiske landene, som vil vere klart i løpet av 2020. Digdir vil oppdatere kravet i Kriiterievegvisaren når kravet fra EU er publisert. 

Ombruk og gjenvinning av IT-utstyr

Brukt elektronisk utstyr skal førebuast til ombruk, så fremt utstyret er i stand til det, eller kan setjast i stand til det av ein leverandør. IKT Norge har lagd ei liste over leverandørar som mottek og tilbyr brukt IT-utstyr. Utrangert IT-utstyr eller EE-avfall, skal leverast til ein leverandør som er medlem av eit returselskap som er godkjent av Miljødirektoratet eller som har ein avtale med ein annan lovleg mottakar til å handsame elektronisk avfall. Difi har utarbeidd et krav til "sikker innsamling, sletting, ombruk og gjenvinning av PC-ar, skjermar og nettbrett" med innspel frå Miljødirektoratet og Nasjonal sikkerhetsmyndighet som ein finn i Difi si Kriterievegvisar. Her kan du også lese meir om retur og avhending av IT-utstyr.

Elektronisk avfall er den raskast veksande avfallsstraumen i verda. Ein stor del endar opp på skraphaugar og skapar forureining, helseproblem og tap av verdifulle ressursar, som gull, kopar og sjeldne mineral.

Sharethis

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

Hjelp oss å bli bedre
*