Skytjenester - Cloud computing

Publisert: 18. Mar 2014, Sist endret: 04. Mar 2019
 
 

Viktige egenskaper

  • Skytenester blir levert etter kvart som ein har bruk for dei. Dei kan skaffast raskt, og du betener oftast deg sjølv på nett når du har bruk for auka kapasitet (for eksempel fleire e-postkontoar, meir servertid eller større lagringskapasitet).
  • Tenestene er tilgjengelege over nettet, og du får tilgang gjennom standard­mekanismar som kan nyttast frå ulike typar klientar – frå mobiltelefonar og nettbrett til PC-ar.
  • Leverandøren kan fordele dataressursane sine dynamisk etter dei ulike kundane sine behov. Det betyr at det ofte kan vere vanskeleg å angi nøyaktig kor dine data er lagre til ein kvar tid.
  • Tenestene kan skalerast opp eller ned etter kva du har bruk for, slik at ressursane i praksis blir opplevde som uendelege. 
  • Det du bruker av tenester blir målt, kontrollert og rapportert, og er gjennomsiktig for både deg og leverandøren av tenesta.

Mange er opptekne av om tenester som er levert frå skya er sikre nok for det offentlege. Bruk av skytenester inneber i utgangspunktet den same risikoen som tradisjonell utsetting av IKT-drift (outsourcing). Det vil seie at risiko og sårbarheit er knytte til val av leverandør, lokalisering, kommunikasjonskanalar og arkitektur.

Du finn meir om det å vurdere tryggleik når du skal kjøpe skytenester her.

Tjenestemodeller

Det er mogleg å kjøpe ulike typar skytenester, avhengig av kva du har bruk for:

  • Programvare eller applikasjonar som køyrer på datasenter «i skya», slik som kontorstøtte, rekneskap eller andre fagsystem, kallar vi programvare som teneste (Software as a Service, SaaS). Bruk av programvare i skya gjer at kunden slepp å kjøpe, installere, oppdatere og vedlikehalde programvara lokalt. I staden køyrer brukaren programmet gjennom ein nettlesar eller ein annan tynn klient. SaaS er i praksis ein form for hyllevare eller ei standardløysing.
  • Plattform som teneste (Platform as a Service, PaaS) omfattar alt som trengst for å støtte bygging og levering av digitale tenester. Ei plattform kan vere eit operativsystem eller ein database, eller heile utviklings- eller testmiljø som blir køyrt hos skyleverandøren.
  • Infrastruktur som teneste (Infrastructure as a Service, IaaS) omfattar alle dei dataressursane ein normalt vil ha i eitt eige datasenter eller datarom: serverar, nettverk og lagring. Sjølv om kjøp av programvare og plattformtenester i skya etter kvart blir meir utbredt, er det fortsatt kjøp av lagrings- og behandlingskapasitet som er mest vanleg.

Leveransemodeller

Skytenester kan leverast på ulike måtar:

  • Den allmenne skya (Public cloud) er skytenester som blir selt i den opne marknaden – det vil seie standardiserte løysingar som stort sett er like for alle kundar. Dei største og mest kjende leverandørane er Google, Amazon og Microsoft.
  • Ei privat sky (Private cloud) er ei lukka skyteneste som er avgrensa til ei verksemd, eller til ei gruppe verksemder (oftast omtalt som gruppesky). Her vil miljøet som skytenesta blir levert frå blir avsett til den enkelte kunden eller kundegruppa.
  • Dersom ei verksemd bruker ein kombinasjon av den allmenne skya og tradisjonelle lokalt drifta IKT-system, ei privat sky eller ei gruppesky, kallar vi det hybrid sky.

I rettleiingane våre er det først og fremst problemstillingar knytte til bruk av allmenne sky­tenester som blir omtalte. Når du har forstått kva som gjeld for den allmenne skya, kan du lett overføre dette til ulike modellar med gruppesky eller hybrid sky.

 

Foredrag om skytjenester i kursrekken balanserte anskaffelser

Deldette

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

Hjelp oss å bli bedre