Betalingsmekanismar ved kjøp av skytenester

Betaling av skytenester skjer typisk basert på bruken av tenesta. Oversikt over eigne brukarar av tenesta er derfor viktig.

Publisert: 29. jun 2017, Sist endra: 19. okt 2018

Kontinuerleg abonnement

Når du kjøper ei skyteneste, kjøper du tilgang til ei IT-løysing som vert drifta og vedlikehalden av leverandøren, på leverandøren sine maskinar og serverar. Betaling for bruk kan derfor best samanliknast med eit abonnement og er ei jamleg betaling for tilgang til skyløysinga.

Betalingsmodellar

Typisk har leverandørane kvar sin måte å fakturere på, og du må derfor vere klar over kva leverandøren meiner med forbruk, brukarar eller liknande.

  • Betaling etter målt bruk: Typisk for skytenester er at du som hovudregel skal betale etter målt bruk av tenesta. Kor mange brukarer er ikkjer avgjerande.
  • Betaling etter antallet som bruker tenesten:  For løysingane der leverandør krev betaling etter talet som bruker tenesta, vil du som oppdragsgivar sjølv administrere eigne brukarar. Du vil då ha oversikt over kor mange brukarar du betaler for, kunne slette overflødige brukarar, opprette nye brukarar ved behov og liknande. Det er viktig at du er merksam på dette, slik at du ikkje betaler for fleire brukarar enn du treng.

Eksempel på faktura

Uansett om det vert fakturert etter tal på brukarar, forbruk eller ein kombinasjon av desse, må du som oppdragsgivar sikre deg tilgang for alle relevante brukarar. Det gjeld både eigne tilsette, innleigde konsulentar og leverandørar som leverer andre IT-ytingar.

Ved brukarbasert betaling, bør du som for lisensavtalar undersøke om betalinga vert basert på samtidige eller unike brukarar. Du bør også sikre deg at betalinga er oversiktleg.

Be gjerne om å få oversendt eit døme på ein faktura.

Oppgradering

Fordi skyløysinga som del av tenesta kontinuerleg vert oppdatert og oppgradert, er det viktig å avklare om du etter kvart kjem til å måtte kjøpe fleire modular eller funksjonalitet, og kva det vil koste. Dette kan gjerast gjennom å be om ein full pris over alle tenestene til leverandøren.

Oppdragsgivar bør sikre at eksisterande funksjonalitet i skyløysinga vert behalden eller ikkje vert endra så mykje at løysingane som vert tilbydd etter oppgraderingar av ytinga gir særskilte modular som oppdragsgivar må betale meir for.

Leverandøren må på si side ha fridom til å designe sitt produkt for å kunne møte konkurransen i marknaden og behovet hos andre brukarar.

Leverandørens utviklingsbehov vil vanlegvis ikkje vere til hinder for å stille krav om at funksjonaliteten i skyløysinga ikkje vert forringa i kontraktsperioden.

 

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*