Korleis kan du unngå å binde deg til éin leverandør (lock-in)?

Lock-in er det å binde seg til éin leverandør teknisk, juridisk eller kommersielt på en slik måte at det er umogleg eller vanskeleg å bytte leverandør. For å unngå lock-in er det nokre ting å reflektere over.

Publisert: 19. des 2016, Sist endra: 19. okt 2018

Prisauke

Det er mange grunnar til at det sjeldan er lurt å binde seg til éin leverandør. Oftast er det likevel leverandørens prising av tenesta, eller innhaldet i tenesta, som er grunnane til at kunden vil skifte leverandør. Viss du som kunde er bunden til éin leverandør vil denne ofte kunne sette opp prisane utan at du kan påverke dette. Dette vil raskt føre til høgare prisar enn det du burde betale.

Endra kvalitet

Viss du som kunde er bunden til éin leverandør og tenesta anten ikkje fyller ditt opphavlege behov eller ikkje fyller det behovet du har på sikt, vil bindinga føre til at du må halde fram med å betale for ei teneste du ikkje treng.

Tiltak

  • Tenesta kan leverast av fleire leverandørar
  • Lave investeringskostnader gir lave byttekostnader
  • Tildelingskriterium. Leverandørar som vil stå for kundens byttekostnader kan få utteljing for dette
  • Tilgang til data. Juridisk tilgang til data ved opphøyr, og at data kan eksporterast på eit standardisert format
  • Avslutt i tide. Kontrakten skal ikkje varer lenger enn det tidsrommet du treng løysinga
  • Mekanismar i kontrakten slik at leverandøren ikkje einsidig kan diktere prisane i kontraktens levetid

 

 

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*