Korleis handtere stadige endringar i skytenesteneste?

Marknadstilpassinga fører til at noko funksjonalitet fell bort og annan kjem til - avhengig av dei største trendane og behova. Skytenesteleverandørane gjer endringane når det passar deira forretningsmodell - og den enkelte kunde har normalt inga eller svært lita påverknadskraft. Korleis bør du som kunde handtere dette?

Publisert: 12. jun 2017, Sist endra: 31. okt 2018

Skytenester vert ofte leverte med vilkår som gjer at leverandøren står fritt til å endre tenesta når han vil - typisk ved kjøp frå Google, Microsoft mv. Det er karakteristisk for denne typen tenester at dei endrar seg i takt med tida. Leverandørane prøver å tilpasse innhaldet i tenesta slik at den inneheld dei tenesteaspekta som dei fleste kundane til ei kvar tid ønsker seg.

Du har akseptert at tenesten endrar seg

Ved skytenestekontraktar har leverandøren ikkje forplikta seg til å levere den same tenesta over tid. Leverandøren har normalt kontraktsfesta at endringar i tenesta kan gjerast når leverandøren måtte ønske det. Kunden signerer på dette før tenesta vert tatt i bruk. Kunden har altså akseptert at tenesta kan endre seg, og har ingen moglegheit til å sanksjonere uønskte endringar.

Vilkåra endrar seg - kva gjer du?

Det er normalt lite du som kunde kan gjere. Viss du er ein stor kunde eller du innleier forhandlingar saman med andre aktørar (som gjer at de til saman har stor marknadskraft) har de ein viss moglegheit til å påverke. Ein slik posisjon gjer at de kan forhandle bort eller endre einskilde vilkår. Viss du ikkje er i ein slik posisjon, er du lite du kan gjere med de fastsette vilkåra.

Er behovet dekka?

Det du bør gjere i ein slik situasjon, er å sjekke om tenesta til ei kvar tid dekker dei faktiske behova du som kunde har. Du må også sjølv sjekke om tenesta til ei kvar tid er i tråd med regelverk du som oppdragsgivar er underlagt. Dette kan vere arkivlova, personopplysningslova mv.

Viss tenesta endrar seg slik at tenesta ikkje lenger gir deg det di verksemd treng, bør du seie opp tenesta og vurdere andre løysingar. Skytenester har normalt korte oppseiingsfristar. Viss tenesta som følge av endringane frå leverandørens side ikkje lenger er i tråd med det regelverk du som oppdragsgivar er underlagt, må du seie opp tenesta.

Det er viktig å vere merksam på at leverandøren ikkje alltid informerer deg om endringar. Dette inneber at du ved skytenester må vere ekstra merksam og opprette rutinar som gjer at du klarer å følge opp eventuelle endringar på ein god måte. Situasjonen er altså sannsynlegvis omvendt av det du er vand til: ved "tradisjonelle" it-tenester må leverandøren til ei kvar tid levere det som opphavleg vart kontraktsfesta, og avvik må rapporterast (og vert oftast også sanksjonert).

Tradisjonelle it-tenester

Ved "tradisjonelle" IT-leveransar med tilhøyrande drift- og vedlikehaldskontraktar er det normalt kontraktsfesta kva leveransar som skal inngå i tenesta, medrekna omfang og andre vilkår. Vidare har leverandøren/-ane normalt forplikta seg til at desse vilkåra gjeld i heile kontraktsperioden.

 

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*