Fordelar og utfordringar ved kjøp av skytenester

Under har vi lista nokre av grunnane til å bruke skytjenester, og kva utfordringar det er viktig å vurdere.

Publisert: 20. des 2016, Sist endra: 05. nov 2018

Økonomi

Reduserte kost

  • Lokal infrastruktur er ikkje nødvendig i same omfang ved bruk av skytjenester som ordinær drift. Dette påverkar både investeringar og driftskostnader. Det kan vere ein fordel å ha relativt faste årlege utgifter, framfor av og til måtte gjere store investeringar i ny maskinvare eller annan infrastruktur.
  • Skytenester kan gi reduserte kostnadar til oppdateringar, administrasjon av programvarelisensar og liknande.
  • Når du bruker ei skyteneste blir bruken målt. Du betaler berre for det du bruker, og slepp du å betale for meir datakraft, meir lagring eller fleire programvarelisensar enn det du treng. Dette er spesielt gunstig dersom du har prosessar som krev mykje kapasitet, men som sjeldan køyrer. Dette kan vere faste månadlege jobbar slik som utsending av fakturaer eller køyring av lønn.

Auka kost

  • Å ta i bruk skytenester kan blir dyrare enn andre løysingar. Dette gjeld spesielt om du har særskilde behov og ikkje kan bruke standardløysingar. Komplisert arkitektur og mykje integrasjon mot eksisterande system er òg kostnadsdrivande.
  • Fordelane med skytenester blir mest tydelege når du kjøper eller lager tenester som er berekna for drift frå skya. Det er ikkje alltid gitt at det å flytte eit eksisterande system til infrastruktur i skya vil gje dei same innsparingane.

Kapasitet

Fordelar

  • Nær uavgrensa kapasitet

Ressursane i nettskya blir fordelt til verksemda di berre når du har bruk for de. Dette gjer at du som kunde ikkje treng å uroe deg for å sleppe opp for kapasitet, for eksempel viss ei publikumsteneste blir mykje meir populær enn forventa. Dette er òg ein fordel dersom du har tenester som er utsette for spesielle belastningar i korte tidsrom.

Utfordringar

  • Personopplysninger eller konfidensiell informasjon

Dei som gjer skytenester kostnadseffektive og skalerbare kan òg skape utfordringar dersom du forvaltar personopplysningar, konfidensiell informasjon eller annan informasjon der det er spesielle reglar for kva land ein kan overføre data til.

For å kunne tilby rimelege tenester, unyttar leverandørane den ledige kapasiteten dei har i systema sine. Dermed kan ein ikkje alltid vite kva datasenter – eller kva land – informasjonen er lagra i. Det kan òg vere at leverandøren av ei programvareteneste i skya bruker fleire ulike underleverandørar, utan at dette går tydelig fram av beskrivinga av tenesta.

Her er sjekkliste for databehandleravtale, den hjelp deg med å sikre at Leverandørens databehandleravtale er i tråd med personsvernreglaene.

Tryggleik

Skytenester kan gi auka teknisk IKT-tryggleik når leverandøren har betre kompetanse og ressursar enn det du har sjølv. Dette gjeld særleg fysisk sikring av lokala der maskinvara er plassert.

  • Store datasenter har som regel omfattande sikringstiltak, og det er strenge reglar for kven som får komme inn i anlegga. Leverandørane skifter ut maskin­vare og oppgraderer programvare regelmessig. Dette gjev betre tryggleik.
  • Programvaretenester frå skya (SaaS) er oftast standardiserte løysingar. Det betyr at alle kundar får tryggleiks­oppdateringar og andre programvareoppdateringar samtidig. Vi veit at mange verksemder manglar rutinar for slik oppdatering.
  • Tryggleikskopiering er vanlegvis ein del av tenesta. Lagring av data på fleire stader (redundans) og automatisk overføring til ein ny lokasjon dersom noko går gale på primærlokasjonen, er òg som oftast ein del av standardtenesta.

Utfordringar

Sjølv om skytenester i mange tilfelle kan gi betre tryggleik, er det må du sjølv vurderer den informasjonen di verksemd forvaltar. Er det noko som bør sikrast særskilt? Har du informasjon som kanskje ikkje bør lagrast utanfor EØS-området? I nokre land er det slik at styresmaktene har større rom for innsyn i utanlandske data enn i data til eigne innbyggarar og verksemder. Det kan vere aktuelt å vurdere dette sjølv om verksemda di ikkje er underlagd tryggingslova.

Energi

Leverandørar av allmenne skytenester kan dele maskinvara si mellom ei stor mengd kundar. Dette gir meir effektiv energibruk enn om alle kundane skulle hatt sine eigne data­senter med eiga maskinvare, kjøling med meir. Grada av utnytting på serverar i nettskya er typisk på rundt 65 prosent, mens ei utnyttingsgrad på mellom 12 og 18 prosent er vanleg i lokale datasenter.

Her finn du meir informasjon om det å ta omsyn til klima og miljø ved IKT-anskaffingar

Fleksibitet

  • Bruk av skytenester legge til rette for at tenester kan nyttast frå fleire ulike stader og typar klientar (PC, nettbrett, mobil)
  • Tilsette kan arbeide frå arbeidspassen, heimen eller annan stad

Utfordringar

Tilsettes bruk av eigne PC-ar, nettbrett og liknande i jobben fører med seg nye utfordringar:

  • Skytenester kan gjere det meir naturleg for brukarane å lagre arbeidet sitt på verksemda sitt område i skya, i staden for lokalt på eigne PC-ar eller nettbrett som er utanfor verksemda si kontroll.
  • Mange tilsette bruker skytenester berekna på forbrukarmarknaden, slik som dropbox eller privat e-post, for å kunne ha ein fleksibel arbeidskvardag. Dette utgjer ein risiko for verksemdene, fordi sluttbrukaravtalane for forbrukarmarknaden ofte gir leverandørane vide full­makter for kva dei kan gjere med informasjonen frå kundane sine.

Innovasjon

Bruk av skytenester gjer det enklare å sette opp ny verksemd eller prøve ut nye teknologiar eller tenester. Fordi du ikkje treng å investere i maskinvare og infrastruktur eller programvarelisensar, blir behovet for startkapital redusert.

Dette er spesielt relevant dersom ein skal etablere ei ny nettbasert teneste:

  • Det kan vere vanskeleg å estimere kor mange brukarar ein kjem til å få, og kor raskt. Samtidig er det risikabelt å ikkje ha tilstrekkeleg kapasitet viss tenesta blir ein suksess. Ein skybasert infrastruktur som kan skalere etter kor raskt ein får nye brukarar, og der ein berre betaler for bruken, vil vere med på å redusere risikoen i prosjektet.
  • Skytenester gjere det enklare å sette opp plattformer for utvikling og innovasjon, slik som testmiljø eller pilotprosjekt. Dette kan senke terskelen for å prøve ut nye løysingar, både internt og mot brukarar.

Her kan du lese meir om innovasjon i offentleg sektor

Her kan du lese meir om innovative offentlege innkjøp

 

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*