Gjere sjølv eller sette ut ei skyteneste – kva lønner seg

Det er både økonomi og andre grunnar til at verksemder set ut tenestene sine: å oppnå stordriftsfordelar, å fokusere på kjerneverksemda eller fordi verksemda ikkje har nok kapasitet eller riktig kompetanse til å gjere arbeidet internt.

Publisert: 29. jun 2017, Sist endra: 18. okt 2018

Dei strategiske vala omkring kva tenester du skal sette ut til eksterne, og kva tenester verksemda skal utføre sjølv, vert kalla ein sourcingstrategi.

Når du lager sourcingstrategien, skal du ta utgangspunkt i to sentrale spørsmål:

  • Kor strategisk viktig er denne funksjonen (til dømes IT-drift) for deg?
  • Finst det ein velfungerande marknad med leverandørar som kan tilby tenesta du treng til ein konkurransedyktig pris?

Kostnader

Du må kjenne dine eigne kostnader for å kunne vurdere om det lønner seg økonomisk å sette ei teneste ut i marknaden.

Når du skal samanlikne prisar, må du ta med alle kostnadene knytt til det å produsere tenesta. Dette kallar vi gjerne levetidskostnader eller «total cost of ownership», TCO.

Du må også skaffe deg oversikt over kva det vil koste å gjennomføre tenesteutsettinga, og å følge opp kontrakten og leverandøren i etterkant.

Interne kostnader

Kostnadene ved eiga drift kan brytast ned i følgande komponentar:

  • Maskinvare
  • Nettverk
  • Lisensar og vedlikehaldsavtalar for programvare
  • Energiforbruk (straum til serverar, nødstraum, kjøling)
  • Tilsette (lønn og sosiale kostnader, ev. indirekte kostnader til HR og liknande)
  • Bygningar (nedskriving, vedlikehald, ev. leige, sikkerheitstiltak etc.)

Det er vanskeleg å identifisere alle desse kostnadane for ei bestemt teneste eller funksjon. Dette gjeld spesielt for kostnader til bygningar og energibruk. Desse kostnadene inngår ofte i ein felles pott for drift av bygningar i verksemda, og det kan vere vanskeleg å trekke ut kva som er direkte relatert til IKT-drift.

Det er heller ikkje alltid relevant å ta med alle kostnadene. Dei relevante kostnadene i denne samanhengen er dei som fell bort viss du set tenesta ut til ein ekstern leverandør. Dette vil vere kostnader til personell og materiell som vert overflødige, og kostnader til drift av utstyr.

Men kva kostnader fell bort ved ei skyteneste? Det kan vere redusert straumforbruk fordi du ikkje lenger skal forsyne eit serverrom med straum, er til dømes relevant, men kva med eigedomskostnaden? Viss servarrommet er ein del av eit større bygg, og det ikkje er nokon alternativ bruk for dette rommet, fell ikkje kostnaden bort. Men viss rommet kan brukast til noko anna, som du elles måtte leigd eit lokale til i marknaden, er det relevant å ta med denne innsparinga. Og viss du planlegg å bygge eit nytt datasenter eller serverrom, vil også det vere relevant å ta med.

Eksterne kostnader

Kostnadene ved bruk av ekstern leverandør omfattar det som vert betalt til leverandøren for tenestene. I tillegg kjem kostnader på grunn av at du må gjere omstillingar, som til dømes migrering av eksisterande system til ny leverandør, og eventuelle tilpassingar som må gjerast i systema.

Det er også kostnader knytt til det å gjennomføre ei anskaffing, inngå kontrakt og å følge opp kontrakten. Dette er aktivitetar som må gjerast med jamne mellomrom viss du vil vere sikker på å få riktig nivå på pris og leveranse til ei kvar tid.

 

 

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*