Må skytenestene konkurranseutsettast

Du har ei skyteneste som leverandør har bestemt skal ut i skya. Kva gjer du?

Publisert: 12. jun 2017, Sist endra: 19. okt 2018

Kan leverandøren tvinge deg?

Fleire og fleire IT-leverandørar bestemmer seg no for å satse på «software as a service» (SaaS) og ønsker ikkje lenger å levere "ordinære" IT-tenester. Kan leverandøren einsidig bestemme dette? Svaret på dette er nei: Leverandøren din er forplikta til å levere IT-tenesta i det omfang og i det tidsrommet som er avtalt.

Det vil likevel i eit slikt tilfelle oftast vere slik at vedlikehald og drift etter kvart vert uforholdsmessig dyrt i forhold til tilsvarande tenester levert som SaaS (delvis avhengig av kva prisreguleringsklausular som ligg i kontrakten) eller at vedlikehaldet vert betydeleg dårlegare - nye oppdateringar vert til dømes levert seinare, noko som kan føre til ringverknader for deg ved integrasjonar med andre system mv.

Leverandøren vil også i dei fleste tilfelle ha tilgang til å seie opp avtalen (som vil nyttast viss prisreguleringsklausulane berre gir leverandøren moglegheit til å auke prisane marginalt over tid). Du vil derfor som kunde etter kvart verte "tvungen" over i den forretningsmodellen leverandøren føretrekk - anten som følge av auka pris eller dårlegare kvalitet på vedlikehaldet - eller som følge av at leverandøren nyttar sin (eventuelle) moglegheit til å seie opp avtalen.

Må tenesten ut på konkurranse?

IT-tenester som går over frå "ordinære" leveransar med tilhøyrande drift- og vedlikehald til skytenester vil aldri vere tenester som vert transformerte éin til éin - det vil seie at det alltid vil vere nokre større eller mindre forskjellar på funksjonaliteten som vert levert, moglegheitene til å skalere og/eller prisbiletet. Dette betyr at du som kunde ikkje kan gå over til ein skytenestemodell utan at reglane for offentlege anskaffingar gjeld. Om dette betyr at dei grunnleggande prinsippa om konkurranse, likebehandling etc. må overhaldast, eller om det også inneber kunngjering av konkurransen på Doffin/Ted, er avhengig av verdien på anskaffinga.

Kan ei intensjonskunngjering vere nok?

Viss du veit at den skytenesta du skal ha ikkje kan leverast av andre leverandørar, kan det vere fornuftig å intensjonskunngjere anskaffinga. Dette betyr at du kunngjer namnet til leverandøren du har intensjon om å kjøpe frå. Viss dette vert gjort, og vilkåra for intensjonskunngjeringar er oppfylt, jf. nedanfor, vil ingen leverandørar etter utløp av karensperioden kunne gå til KOFA eller domstolen for å få kjent kontrakten utan verknad.

Vilkår for intensjonskunngjering

For at ei intensjonskunngjering skal hindre leverandørar i å kunne klage på anskaffinga etter at karensperioden er over, må intensjonskunngjeringa innehalde ei klar og utvitydig grunngjeving for oppdragsgivar si avgjersle om å inngå kontrakt utan forutgåande kunngjering. Oppdragsgivar må også ha gjort ei vurdering med tilstrekkeleg aktsemd. Endringsklausul i kontrakt, kun ein aktuell tilbydar eller usedvanleg fordelaktig tilbud kan vere moment å vurdere

Du kan som oppdragsgivar med andre ord ikkje intensjonskunngjere ei direkteanskaffing viss du sjølv er i tvil om den direkte og ikkje kunngjorde anskaffinga er lovleg.

 

 

 

 

 

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*