Økologisk mat

Matinnkjøp har mykje å seie for samanhengen med miljø, klima og ressursforvalting.

Publisert: 20. sep 2013, Sist endra: 17. okt 2018

Det offentlege er ein stor innkjøpar av mat. Difor har det offentlege høve til å auke etterspurnaden etter økologisk mat ved å leggje inn krav og kriterium om dette i samband med offentlege innkjøp av mat.

Ifølgje EU er nærmare 40 prosent av klimapåkjenningane knytte til matproduksjon, og det utgjer ein ganske stor forskjell på om produksjonen er industrialisert eller byggjer på økologiske prinsipp. Regjeringa har mål om at 15 prosent av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk i 2020.

Les meir om økologisk mat på Matportalen.no.
Les meir om marknad og produksjon på Landbruksdirektoratet sine heimesider.

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?
*